Styra i Skjåk, Lom, Lesja, Dovre og Vågå Arbeiderparti

Så kom omsider dei tre forslaga som Innlandet fylkeskommune har signalisert skal løyse utfordringane ein har innanfor den vidaregåande skulestrukturen i fylket.

Skuffelsen var stor da vi såg at det slett ikkje var prat om tre ulike forslag, men ei differensiering av kor mykje ein skal «strøype» regionen vår. Distriktspolitikk har aldri vore billig. Det gjev likevel ikkje fylkeskommunen rett til å utelukkande sjå på dei minste distriktskulane. Skal vi ha levande bygder i Innlandet krev det ei tydeleg haldningsendring hjå Innlandet fylkeskommune. Nord-Gudbrandsdalen vidaregåandeskule med sine avdelingar er ein av dei skulane som ligg lengst vekk frå Mjøsregionen. Vi er vand med at Mjøs-kommunane kjøpslår med kvarandre og vi går tapande ut. Det skjer ikkje utan kamp denne gongen!

Vi nektar å væra med på at fylkeskommunen får signalisere for våre ungdommar at vi ikkje treng dei i bygdene våre etter fylte 16 år. For det er realiteten om tilbodet blir så magert som forslag tre signaliserer. Vi kan ikkje prate om desse sentraliseringsforslaga utan å ta innover oss at det vil innebere ein god del fleire ungdom på hybel. Ungdomstida er ei sårbar tid og vi veit at hybellivet er tøft for mange, særleg om du ikkje har valt det sjølv. Samtidig veit vi at det bur mange familiar med lave inntekter i vår region, desse vil ikkje ha moglegheit til å sende ungdommane sine på hybel.

Våre ungdom har lik rett på å få velgje linjer av høg kvalitet etter interesser, men også å få velgje eller velgje bort hybellivet. Vi ynskjer linjer med høg kvalitet tilpassa arbeidsmarknaden i Norddalen. For vi kjem ikkje utanom at det også har mange sosioøkonomiske konsekvensar for lokalsamfunna våre om forslaga blir vedteke slik dei står i dag. Vi finn oss ikkje i at dette er dei einaste tre løysingane. Stikk i mot krev vi at Innlandet fylkeskommune ser på korleis vi kan styrke Nord- Gudbrandsdalen vidaregåande skule. Korleis kan vi styrke elevtalet og få til ei stabil løysing der ungdommen beheld valmoglegheita. Der dei beheld eit bredt linjetilbod i nærmiljøet og moglegheita til å sjølve velgje hybel eller å bu heime.

Så er det viktig å hugse at dette er eit administrativt forslag. Kampen for Norddalen er politisk, den startar no og går fram til oktober. Arbeiderpartiet sentralt skriv på si nettside om distriktspolitikk: « Det trengs politikk og politisk styring som motkraft til sentraliseringen. Her står Arbeiderpartiet i første rekke fordi vi som parti mener at byer og distrikter er gjensidig avhengig av hverandre. Norge skal fortsatt være et nasjonalt fellesskap der folk i alle deler av landet, og alle typer lokalsamfunn, opplever respekt og medbestemmelse i samfunnsutviklingen».

I tida framover vil dei ulike lokallaga våre kjempe for sine skulestadar. Men vi er einige om ein ting: vi vil jobbe for at ungdommen vår skal ha like rettar som anna ungdom i Innlandet! Rett til å velja sjølv kva linje du skal gå, rett til å velja om du vil bu på hybel eller heime, rett til å høyra til her i Nord-Gudbrandsdalen!