Verdas beste nødetatar på vakt gjennom heile jula for å gjera livet tryggare for oss alle om vi blir akutt sjuke eller utsett for ei alvorleg ulykke.

Det gjev ekstra tryggheit å veta at nødetatane våre ikkje berre er gode kvar for seg, men at dei også har trena saman på å takle alvorlege hendingar.

Gjennom 25 år har Stiftelsen Norsk Luftambulanse halde kurs i tverretatleg akuttmedisinsk samarbeid (TAS) for redningspersonell i Norge.

Sidan 1998 har over 29 000 deltakarar frå lokalt politi, brannvesen, helsevesen, friviljuge og andre lokale beredskapsressurser delteke på TAS-kurs. Der trenar dei på å vera gode saman, når det verkeleg gjeld.

Kursa blir gjennomført i tett samarbeid med lokale nødetatar og er tilpassa lokale forhold og behov. Kursa handlar heilt enkelt om samarbeid og kommunikasjon under krevjande forhold på skadestad.

Lik forståing av situasjonen og same språkbruk på tvers av nødetatane gjer det lettare å redde liv raskare. Målet er å spare livsviktig tid for å redde fleire liv og avgrense følgjene av akutt, alvorleg skade.

Takk til deg som støttar Stiftelsen Norsk Luftambulanse, og dermed har gjort det mogeleg å gjennomføre TAS-kurs i 25 år.

Takka vera di støtte er det tryggare for oss alle å bu og opphalde oss over heile landet.

Tusen takk også til alle dykk som er på vakt i jula, klare til å handtere ein nødsituasjon når vi treng det som mest.