Av Håvard Teigen

Den fyrste kappleiken min var i 1968, «Låt og leik» på Lillehammer. 56 år sidan det nå. Opplevingane i år fekk meg til å tenkje på lomsdiktaren Olav Aukrust som skreiv det legendariske diktet «Gamla», eit hyllingsdikt til den klassiske gardkjerringa. Gamla var omtrent på min alder, vil eg tru. Ho sa «det er ikkje som før det har vore». Altså: alt var betre før.

Er det slikt også med Landskappleiken?

– Det djupe gravalvoret må vera eit sjangerkrav, skriv Håvard Teigen. Foto: Privat foto

Noko er nesten som før. Dette er gjennomføringa av tevlingane. På fele, vanleg og uvanleg, vokal og dans: alle stiller opp med det største gravalvor. Ingen fakter, knapt eit smil. I alle fall ikkje før dei er ferdige. Eg kjenner mange og dei har alltid eit smil om munnen til dagleg, Det djupe gravalvoret må vere eit sjangerkrav. Og ja, dei som driv med turning i tillegg til dei vanlege hallingkasta blir slett ikkje premierte for slikt. Snarare tvert imot. Ein munnharpespelar som frir til publikum, kan få banesår av mindre. Men nytt har kome til også i tevlingane. Talet har auka, som i langrenn. Men på Landskappleiken er det ingen fare for at klassisk skal tape for fristil, Bokløv-hopp og anna svenskesug.

Ei interessant endring er at før presenterte dei sjølve kva som skulle spelast. Diksjonen var ikkje alltid like god, av ymse grunnar. Og så var det heller ikkje uvanleg at dei gjorde seg ein tur bak scena mellom leikane. Ein klassikar er spelemannen som kom att og nesten demonstrativt sleikte seg rundt munnen etter å teke seg ein støyt. Så sa han: «og nå ska eg tå ho Rønnaug Huse» (ein kjent slått frå Skjåk). Humring i salen.

Slikt får ikkje spelemenn verken «lov til» å gjere eller seie lenger. Det er «politisk ukorrekt», trur eg. Dette har vel med mange ting å gjere, men ikkje minst den aller største endringa i tevlingane: Omkring 1970 var det berre ei kvinne som deltok i vanleg fele klasse A. I år var dei i fleirtal og den same kvinna vann i år som i fjor. Ho er doktoren vår også. Som på legestudiet har kvinnene også her overteke (boge)føringa. Og det berre ballar på seg. Blant dei mange yngre er kvinnene i stort fleirtal. I dans er dei så mange at dei lyt danse med kvarandre, ikkje berre av gode Pride-grunnar, men rett og slett grunna mangelen på menn. Dette må markerast før utviklinga nå kan ta den vendinga at kjønn blir borte som kategori, altså noko ein har lov til telje.

Det er ikkje berre MELLOM slåttane spelarane må oppføre seg nå til dags. Som ein av programleiarane sa: FØR var dette å halde styr på spelemenn som å gjete kalvar i småskog. Fann du den eine, forsvann den andre. Ikkje alle dukka opp til tevlinga til rett tid. Dei hadde avslutta buskspelet for seint på morgonkvisten. Eg minnest ein som også hadde mista bogen sin og grunngav det med at han fyrst miste fela og at det ikkje var så enkelt å «halde styr på ein einsleg boge». Som den same programleiaren sa om endringane: Nå har eg dei mistenkt for å ha lege i høgdetrening (han sa i alle fall nesten det). Ei anna nyskaping er at nå til dags kan publikum kjøpe med seg ølglass under tevlingane. Slik blir alle gode skatte- og avgiftsytarar. Å ha med øl og inn var strengt forbode på 70-talet. Det vil ikkje seie at publikum nekta seg ein oppkvikkar den gongen heller. Eit legendarisk tv-program frå ein kappleik viste ein seinare heidersmedlem som sende rundt jakka si på og mellom stolradene. Lommelerka lokka og klunka. For som ein tradisjonsberar sa den gongen: «Det har aldri vore skikk og bruk å høyre på folkemusikk edru». Han tok nok for sterkt i, men det var i det minste godt sagt.

Det er UTANFOR tevlingane dei største endringane har skjedd og stikkordet er nettopp BUSKSPELET. Det var verken bortkomme spelmenn, feler eller einslege bogar i og mellom buskene på dag- og kveldstid i Lom i år. Dette har minka år for år trass klimaendringar og attgroing. Heller ikkje på camping-plassen er det som før det har vore. Alle såg nå ut til å ha fått opp teltet sitt før dei kom i gang med viktigare kappleikaktivitetar. Før kom mange i beste fall bustete ut av eit telt som hadde ramla ned i løpet av natta. Andre overnatta oppå teltduken heile kappleiken. Bubilar og campingvogner med lukka dører dominerer nå. Der inne kan det sjølvsagt både vere spel, spark og anna spetakkel.

Så altså. Alt er ikkje som før det har vore. Men var alt betre før slik Åseng-gamla dokumenterte med at nå finst ikkje eingong «råkålauv»?

Konklusjonen min er at mangt er som før, men at det som er annleis, kan vere både verre og betre. Det kjem an på øyro som høyrer og auga som ser. Ta tevlingane som eit døme. Teknisk har det skjedd så store framgang at det er heilt utruleg. Alt frå kulturskular til skolering på vidaregåande skular og høgre utdanning forklarer dette. Men den same utviklinga har viska ut noko av særpreget: «Dialektane» i spel og dans viser mindre breidde enn før og er meir utviska. Den tekniske perfeksjonen gjer at spenninga med kva som kan skje, stort sett er borte. Det er som turn. Ingen fell ned på bommen lenger.

Det viktigaste er at det sjølv for gamle gretne gubbar er det mykje godt å glede seg over. Sola skin (nesten alltid) når det er landskappleik. Og bra er det, for som ein av våre mest kjente spelemenn sa: «duskregn og smådrammar skal ein vara seg for.» Det mest gledelege for framtida er at rekrutteringa er så god at med nye drykk- og kosthaldsråd vil levealdren auke dramatisk. Vi kan derfor alt nå seie at dei unge på kappleiken i år kan sjå fram til eit nytt hundreårsjubileum.