Det har vore mykje fokus på riks- og fylkesvegar i samband med ekstremværet Hans, men vi må også sjå på kor viktig jernbanen er i forhold til samfunnskritisk infrastruktur og beredskap.

Stadig meir ekstremvær tærer også på jernbanen. Både Forsvars- og Totalberedskapskommisjonen har i sine utgreiingar peikt på kor viktig jernbanen er i forvars- og beredskapssamanheng. Dei peiker på robustheit i infrastrukturen både for militært og sivilt formål under ekstraordinære hendingar, krise og krig. Til dømes kan vi ikkje legge til grunn at varer kan transporterast via dei svenske og finske veg- og jernbanenettet ved krig i Norge.

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit har i ein rapport påpeikt at den sikkerheitspolitiske situasjonen er i kraftig endring og nå skal Jernbanedirektoratet greie ut korleis dette påverkar jernbanen i Norge. Da vil våre jernbanestrekningar i Innlandet vere sentrale, spesielt Dovrebanen i Gudbrandsdalen og strekningane Rørosbanen, Solørbanen og Kongsvingerbanen gjennom Østerdalen samt samankoplinga mellom Hamar og Elverum.

Vi må sikre desse strekningane både med tanke på ras og flom, men også få elektrifisert strekningane slik at dei kan brukast betre i samanheng med kvarandre. Det vil i praksis bety at det same togmateriellet kan brukast om toget skal gå gjennom Gudbrandsdalen eller Østerdalen. Dette vil gjere at det blir eit nettverk av baner mellom Lillestrøm og Støren, inkludert to spor mellom Hamar og Støren med stor fleksibilitet. Det vil gjelde for både person- og godstransport.

I fylkesutvalet denne veka behandla vi ein KVU GREEN som handlar om elektrifisering av Røros- og Solørbanen, Raumabanen og Nordlandsbanen. Her er det peikt på at strømforbruket utgjer ein liten del av det totale strømforbruket i Norge og vil på ingen måte konkurrere med energibehov andre næringar har framover. Ved å elektrifisere jernbanen vil det frigje meir kapasitet og gje færre krysningar for godstog om natta, særleg om dei kan køyrast i puljar med fleire tog i same retning etter kvarandre, står det i KVU-en som er utarbeidd. Ein slik tilgjengeleggjort kapasitet vil gje rom for vekstambisjonar innanfor dei ulike togkategoriane som kombitog, tømmertog, fjerntog og regiontog i distrikta, som elles må konkurrere om ruteleiene. Overføring av trafikk frå veg vil også bidra positivt til reduserte klimagassutslepp frå transportsystemet som heilheit.

Vi i Senterpartiet er klare på at jernbanen har høg transportevne og er derfor ein samfunnsmessig viktig funksjon i beredskapssamanheng og vil få ei enda viktigare rolle med tanke på den sikkerheitspolitiske situasjonen både Norge og Europa står i nå. Her vil også våre jernbanestrekningar få ei stor betydning.