av Håvard Teigen, leiar i Tor Jonsson-laget

Svensken Jimmy Ginsby (bildet) har oppdaga Tor Jonsson. Han oversett Tors dikt til svensk. I samarbeid med Tor Jonsson-laget er planen å gje ut ei bok med utvalde dikt – på svensk forlag, på svensk. Ginsby er også komponist og musikar og han har så langt tonesett 5-10 av dikta.

Ginsby er ein kjent kulturpersonlegdom i Sverige og har blant anna vore «ordførande» i Dan Anderson-selskapet. Han er spesielt interessert i Norge og norske diktarar og visesongarar og har oversett til svensk dikt av blant anne Erik Bye, Rolf Jacobsen, Hans Børli og Inger Hagerup.

Tor Jonsson er tidlegare oversett til fransk (1999). Er det ei storhending å få gitt han ut også på svensk? Mange vil stille spørsmål om det heldig og nødvendig. Les ikkje vi nordmenn svenske dikt likt godt som norske? Svaret er nok at svenskane har ein langt høgre terskel for å lese norsk enn vi har for svensk. Men det er også ei uheldig utvikling frå generasjon til generasjon. Nordisk er i tilbakegang og engelsk tek over som fellesspråket. Dette ser vi jamvel i Island.

På Tor Jonssons fødselsdag 14. mai vil interesserte få ein smakebit frå Ginsbys arbeid med vår lokale diktar. Han blir hovudartist på den åreleg vandringa på Vår Frelsers Gravlund med konsert på Bondeheimen. Her vil han sette saman dikt av Tor og Stig Dagermann. Konserten heiter «Svart glede».