Vågå Arbeiderparti reagerer med undring på oppslaget i GD 27. juli der Vågå kommune har handla kunst for 500.000 kr. I reportasjen verkar det som om det var ei spontan handling av ordføraren. Verken varaordførar, formannskap eller kommunestyret er involvert i denne avgjerda.

Byggjeprosessen er langt frå avslutta og vi veit ikkje den endelege sluttsummen. Vi meiner difor at ein burde vente med slike innkjøp. Ein husbyggjar kjøper ikkje møblar når ein driv med grunnmuren.

Det er ikkje lengre enn 1,5 år sidan at vi fekk stoppa eit forslag om salg av kunst frå kommunens eige. Den gongen var argumentet for å selje, at det var mykje kunst som var lagra og få plassar å syne den fram. Har ikkje den nye sjukeheimen vore ein kjærkomen plass til dette?

Vågå og regionen elles har mange framifrå utøvande kunstnarar. Om det skulle kjøpast inn kunst, hadde det vore på sin plass at desse hadde vorte med i vurderinga. Det hadde vore ei viktig handsrekning både økonomisk og ei anerkjenning av deira arbeid.

Vågå Arbeiderparti vil følgje opp denne saka på fyrste kommunestyremøte til hausten.