Ein folketalsnedgang på 59 personar i 2022 er ikkje noko vi berre kan slå oss til ro med. I kroner betyr dette eit inntektstap for Vågå kommune på 7,1 millionar (SSB). Noko må gjerast og da krevst det politisk vilje og handling. Vågå Arbeiderparti har difor lansert Vågåpakka.

Vågåpakka er samansett av fleire verkemidlar for å motvirke folketalsnedgangen. For å oppretthalde dei gode tenestene vi har i dag både innan skule, helse og kultur, er vi avhengig av å ha innbyggjarar i bygda vår. Vi vil alle gjennomføre tiltak slik at vi som allereie bur her skal trivast og sikrast ein god livskvalitet, men da må vi stoppe folketalsnedgangen!

 Den største utfordringa i dag, er å ha nok bustadar. Vi vil difor opprette eit Veksthus, samansett av næringskoordinator, Boomkoordinator (By- og Bygdeutviklar) og Vågåseljar. To av desse stillingane er allereie på plass. Vi ynskjer å samlokalisere desse tre, slik at dette kan bli eit kreativt miljø og ikkje eit byråkratisk kontor. Difor namnet Veksthus.

Næringskoordinatoren kom på plass i 2016. Det var slett ikkje politisk fleirtal den gongen heller, men arbeidet blir i dag drege fram som ein suksess frå alle parti.

Boomkoordinatoret (By- og bygdeutviklaren) kom på plass frå 1. januar 23 etter ein lengre politisk kamp. Allereie no ser vi frukter av dette arbeidet med bustadprosjektet i Grindstugulego og friskmelding av tomtar på Lalm. Stillinga er ei prosjektstilling på to år i samarbeid med Sel. Vågå Arbeiderparti ser allereie no verdien av dette arbeidet og vil difor vidareføre arbeidet i ei full stilling.

Arbeiderpartiet meiner at den største utfordringa vi har no, er at Vågå har mykje å by på, men ikkje flinke nok til å få dette fram, verken til eigne innbyggjarar eller til potensielle tilflyttarar. Vi er stolte av bygda vår og vil at flest mogleg skal sjå verdien av å bu her. Ei slik stilling vil også kunne bistå dei friviljuge laga våre som har store arrangement.

Dei tre siste åra har Vågå kommune hatt eit samla overskot på 45 millionar. Vågå Arbeiderparti meiner dette er eit enormt overskot for ei kommune som Vågå. Pengane står på fond og vil difor ikkje gå utover andre tenester. Dermot meiner vi at dette arbeidet vil gje inntekter til Vågå kommune. Om ein Vågåseljar får to familiar til å bli verande eller flytte ti Vågå, vil stillinga vere finansiert.