Svein Holen, fyrstekandidat Vågå SV

Medan mange listekandidatar engasjerer seg for eit godt valresultat, førebur matsentralane ein travel haust med nødvendig hjelp til dei som ikkje får endane til å møtast. Behovet er ikkje lenger eit storbyfenomen, men har også nådd distriktet vårt. Likevel, sjølv om det blir fleire og fleire som slit, er det lite klaging å høyre. Matkøane har si eiga stillheit, i motsetnad til sutringa frå milliardærflyktningane i retning Sveits. Slik blir opplevinga av forskjells-Norge sementert, og slik blir matsentralane lysande varsellampar på at noko er riv, ruskande gale.

Venstresida sine historiske slagord blir til dels slag i lufta i møte med den tida vi lever i nå. "Arbeid for alle" frå 1981 er nesten som å slå inn ei ope dør, all den tid arbeidsløysa er så låg at mange arbeidsgjevarar har problem med å rekruttere sommarvikarar og sesongarbeidarar.

Samtidig har til og med folk i fast arbeid problem med å få økonomien til å gå i hop. Fattigdomen rammar urettferdig og bit seg fast. Det er kanskje hundre tusen husstandar i Norge som ikkje har nok mat å setja på bordet, og dette skjer i ei tid der eit sosialdemokratisk parti sit i regjering. Det er nesten ikkje til å tru. Ingen kan skulde regjeringa for krigen i Europa, pandemien eller dyrtida, men vi må kunne vente at regjeringa kjem opp med fleire tiltak for å skjerme dei som må ta den hardaste støyten, nemleg dei som har minst frå før.

Det har ikkje mangla på tiltak når næringslivet har bede om det. Nå går store delar av Norge så det grin, det er berre å nemne daglegvaregiganten Orkla, våpenindustrien og bankane.

Nå må både sentrale og lokale styresmakter trø til! Regjeringa kunne til dømes kome opp med finansiering av skulemat. Fleire skular som har den ordninga kan melde at for ein del elevar er skulematen det einaste ordentlege måltidet dei får i løpet av ein dag.

Eller meir midlar til kommunane for å hindre at barn og unge droppar ut av kulturskule, idrett og andre fritidsaktivitetar. Både gratis skulemat og redusert foreldrebetaling i kulturskulen har vore viktige saker for Vågå SV i inneverande periode. Vi har lykkast berre delvis, men får vi fornya tillit, vil vi kjempe vidare. Slik fremjar vi god helse og læring, førebyggjer utanforskap og reduserer forskjellar.

Det skjer mykje positivt i Vågå kommune for tida! Store og små kulturarrangement skapt av eldsjeler, næringsaktørar og frivillige får fram kjensla av å høyre til. Vi blir enda meir stolte av bygda vår og det vi greier å skape saman, og vi håpar at folk frå meir urbane strøk og andre stader også ser verdien i å bu her blant oss.

Og for eit kultursenter vi har fått i Ullinsvin! Samarbeidet mellom profesjonelle kunstnarar og ivrige frivillige har gjort dette til ein fantastisk møteplass for innbyggarar og tilreisande.

Dei aller siste åra har det vorte investert store summar i Vågåmo. Dette er også positivt, og på same tid nytt for oss. I mange år har vi tenkt at mykje skulle vore gjort for å vedlikehalde og utvikle næringseigedomar i sentrum, og vi har ynskt oss kveldsopne kafear og nytt liv i nedlagde butikklokal. Det har nok ikkje mangla idear i alle desse åra, men det har mangla kapital. Nå er pengar lagt på bordet. Dei som investerer i kommunen vår fortener klapp på aksla, frå både lokale entreprenørar, handverkarar og alle oss andre.

Oppi alt det positive skulle ein tru at livet som folkevald etter valet vil vera lett. Det er gledeleg å registrere at mange listekandidatar ser ljost på framtida og vil arbeide for fleire arbeidsplassar og meir busetjing. Det vil vi alle, for folketalsutviklinga peikar nedover og får konsekvensar for kommuneøkonomien. Kommunestyret må bu seg på vanskelege prioriteringar.

Med politisk makt fylgjer eit stort ansvar, i medvind som i motvind. Som fyrstekandidat på SV-lista håpar eg at partiet mitt får fornya tillit etter valet. Da lovar eg at SV vil foreslå fleire tiltak for å redusere forskjellar og klimautslepp, ta vare på urørt natur, styrke demokratiet og vera ein god arbeidsgjevar.

Jobb nummer ein blir likevel å sikre at alle har nok mat på bordet kvar dag. Den utfordringa krev både nasjonale og lokale tiltak. Den beste måten å snu folketalsutviklinga i kommunen på, er å vise at vi bryr oss om dei vi allereie har. Slik blir kvart enkelt individ ein god ambassadør for bygda. Den største kapitalen vi har er ikkje pengar på feite bankkonti, men ressursane som bur i kvart enkelt menneske.

Forskjells-Norge er å trakke på menneskeverdet og sprøyte gift inn i demokratiet. Eg kan godt slutte meg til det kjente slagordet "alle skal med" frå 2007. Det betyr for meg at alle skal få moglegheiter og ingen skal bli gjeve opp.