Eg kom til Skjåk som avløysar og fekk nokre utruleg fine år i Reppen før eg måtte attende til det yrket eg var utdanna for. Som avløysar lærte eg noko viktig om skjåkværane; nemleg solid arbeid.

Ein gardbrukar sa til meg at «bygg ein solid grunnmur, så står bygget i hundreder av år». Solid arbeid er eit kjenneteikn på skjåkværen.

Einigheit

Det har kommunen gjort i lang tid. Vi har solide tenester: skulen står støtt, helsetenestene er gode og kulturen stikk djupt. Vi får ny Skjåkhall og i langtidsbudsjettet har vi vedteke å bygge ny barnehage i Bismo.

Dette er Bygdalista og dei to andre partia einige om. Vi har nokre få ueinigheiter.

Vi tapte kampen mot SP om solceller på heile Skjåkhall-taket, men vant fram med framlegget om stort varmtvass-basseng saman med AP. I hovudsak er vi samde om våre kommunale tenester. Det er ikkje dette som skil oss.

Det er meir som sveisar oss saman i politikken. Det er verda utanfor som vil ta frå oss verdiar eller legg press på Skjåk. Staten vil ikkje prioritere distriktet. Korfor får vi ikkje den planlagde gang-og sykkelvegen nordover mot Dønfoss, korfor får vi ikkje lokalt politi, god ambulanseberedskap eller korfor er det med få års mellomrom fare for vidaregåande i Lom?

Det må den distriktsvenlege regjeringa med AP og SP svare på.

Solid samarbeid

Da er det godt å sitte saman med to andre parti og diskutere oss fram til einigheit. Dette samarbeidet er solid og ein styrke for Skjåk.

Vi må gjere solid politisk arbeid for å byggje gode tenester og stå mot den evige sentraliseringa.

Solid næring

Mange har vore på omvising på Interfil og andre bedrifter, på jubileet til Skjåk Almenning, sett mange som startar eigen bedrift eller reist gjennom bygda i sommar og sett dei flotte gardane som ligg på rekkje og rad.

Da veit dykk at det er gjort mykje solid arbeid frå langt attende. Dei som kjem utanfrå er ofte overraska over alt som finst i bygda vår.

Det som skil oss

Det er andre saker som skil oss. Det er datasenter på Dønfoss, kva Skjåk Energi skal gjera, næringsprosjekt, vårt fokus på barn og unge og utvikling på Dønfoss. Det siste var rett inntil SP fekk vårt program i hende under Ståk i Skjåk.

No ser vi at når de har skrevet ferdig sitt program, står det også der om barnehage og Dønfoss. Det viser igjen korleis vi i Skjåk kan dra i same retning på tvers av parti, over tid! Det er kjempebra SP!

Eg saknar fleire lokale næringsprosjekt. Kvifor ikkje eit næringsprosjekt for tilleggsnæring i landbruket eller for å vidareutvikle lokalmatproduksjon? Grunnlaget er så godt og mangfaldig.

Skåppå driver til dømes prosjektet Gardsgründer for alle i hele Gudbrandsdalen.

Samstundes må vi også grave opp vårt problem som er likt i mange distrkts-kommunar: Vi mister alt for mange i arbeidsdyktig alder. Snart har vi for få arbeidstakarar til alle bedriftene og landbruket i Skjåk.

Næringsnettverket har starta eit prosjekt for langsiktig verdiskaping og lokal rekruttering i Skjåk. Det støtter Bygdalista heilhjerta og har prioritert å delta på alle invitasjonar frå Næringsnettverket.

Det er slik vi må fortsette alle saman framover - saman og på lag for bygdas beste.

Bygdalista har 3 retningsliner:

-      Styrke næringslivet

-      Barn og unge

-      Miljøtiltak