Av Reidar Skjelkvåle

GD og lokalavisa Fjuken har i seinare tid hatt fleire oppslag om framtida til Gudbrandsdalsosten og meieriet Lom/Skjåk. Bakgrunnen for dette er at Tine snart skal bestemme seg for ein ny framtidig anleggsstruktur der brunostproduksjon inngår. Salet av brunost har gått ned dei siste åra, og dette er ein trend som ser ut til å halde fram.  Politikarar på ymse nivå har vore på besøk på anlegget i Skjåk, stortingspolitikar Rune Støstad, fylkespolitikarar og kommunepolitikarar. Dessutan har saka vore drøfta i Lom kommunestyre.

 Alle har vore samstemte og har brukt store ord: «Gudbrandsdalsosten kan rett og slett ikkje produserast andre stader enn i Gudbrandsdalen-punktum finale». «Raudosten høyrer til i Gudbrandsdalen, og der skal den vera om vi så skal lenke den fast». Desse floskelprega utsegnene minner meir om valkamputspel enn seriøse innlegg i ei alvorleg sak. Dette kan tyde på   at det er behov for ei rask oppdatering av dei faktiske forhold rundt produksjon av Gudbrandsdalsost. I dag er det faktisk slik at 90 % av denne osten blir produsert på Vestlandet og i  Nord-Norge.

Brunosten(raudosten) blir produsert på tre anlegg : Byrkjelo (Sogn), Storsteinnes (Troms) og Lom/Skjåk. For å danne seg ei meining om det som er på gang, er det nødvendig å vite litt om det som foregår på desse anlegga. Byrkjelo er størst, Storsteinnes nr. 2, og Lom/Skjåk er lilleputt på 3. plass. Ferske opplysningar frå Tinekonsernet viser at i 2022 vart det produsert 7 000 tonn  brunost.

Byrkjelo 4 000 tonn

Storsteinnes 2 200 tonn

Lom/Skjåk 800 tonn (11%)

Kva betyr dette?  Jau, TINE har opp gjennom åra satsa stort på Byrkjelo – 4 000 tonn brunost og 8 000 tonn Norvegia. Men Byrkjelo har og sine problem. Dei treng meir sommarmjølk!

Brunostanlegga – sist i køen

For meierisamvirket er det ei ekstra belastning at mjølkeleveransen er prega av store sesongvariasjonar. Mjølkebøndene leverer mindre mjølk om sommaren. Slik er det over heile landet, men aller verst er det på Vestlandet. I periodar med lite mjølk er det knallhard prioritering. Det er anlegg for konsummjølk, inkludert Q-meieria, som står fyrst på forsyningslista. Dei mjølkeskvettane som er til overs når konsumanlegga har fått sitt, blir levert til næraste ysteri.

Meierisjef i Byrkjelo, Thorkild Heieren, må som alle andre, ta til takke med den mjølka han  får sommarstid. Medan andre ysteri kan nøye seg med å trappe ned til 70-80 % av kapasiteten, må Heieren i Byrkjelo gå for halv maskin. Men når vinteren kjem, må Heieren produsere med tre skift for å ta unna all mjølka. Dette er ikkje rasjonell drift. For Byrkjelo åleine har desse store sesongvariasjonane visstnok ein kostnad på 15 millionar kroner. Men dette er småpengar for Tine Byrkjelo som har ein årleg omsetningsverdi på over ein milliard kroner.

Lever i uvisse

Kva med meieriet Lom/Skjåk? Sesongvariasjonane der er det Tine som bestemmer. Og råstoffet myse må dei få tilsendt utanfrå. Da Tine vart etablert som konsern, vart det slutt på all formell lokal råderett. Det betyr at dei lever på nåde, og nådegava er tilførsel av myse. Framtida er uviss, og det er ei stor påkjenning for dei ansette.  Støtta til samvirket heng i ein stadig tynnare tråd etter kvart som Tine legg ned og sentraliserer. I løpet av dei siste 10 åra har Tine motteke milliardbeløp for å utføre sitt samfunnsoppdrag, men det er mange som føler at Tine sviktar samfunnsansvaret. Resultatet er sentralisering og stor trailertrafikk.  «Sammen skaper vi et levende Norge» sto det på nettsidene til Tine. «Det handler om noe som er større enn oss selv». Truverdig?

Ei viktig grunngjeving for den norske jordbrukspolitikken er nettopp distriktspolitikken. Men  Tine, eigd av bøndene og med bøndene i styret, medverkar til det stikk motsette. På meieriet i Lom/Skjåk har dei levd i uvisse sidan 2011, men i mellomtida har det skjedd ting andre stader. Eg har ikkje full oversikt, men Balsfjordosten er ute av soga, meieriet i Øystese i Hardanger vart lagt ned i 2016, og meieriet på Voss vart nedlagt i 2022.

Kva skal dei gjera på meieriet i Lom/Skjåk? Anleggssjef Frode Aurmo seier at dei ansette vil fortsetja med god drift i ventetida og  håpar på det beste. Det er nok lurt, for ingen kan måle seg med kvaliteten på osten i dei gamle grytene frå dampysteriet. Å gjera som politikarane i Lom - å slå seg på brystet og bruse med fjøra er neppe føremålstenleg. Tineleiinga bør ikkje distraherast med slikt, for dei har andre og større ting å baske med.

Da subsidiane til produksjon av Jarlsbergost vart avslutta, starta Tine eit stort prosjekt i Irland for å tene pengar til bøndene. Dei bygde eit meieri som til slutt enda opp med å koste 830 millionar kroner, men drifta har gått heller dårleg. Hittil har dei opparbeidd eit driftstap på 465 millionar kroner.

Det er ingen spøk å vera ein liten del av eit stort konsern, men lat optimismen rå. Set i gang planlegging av 100-årsfeiring, for i 2024 er det 100 år sidan oppstarten av Lom & Skjåk dampysteri!