av Jarmund Øyen, leiar i Lom pensjonistlag

Kjerkhol varslar færre fagfolk pr. pasient!

Det er om lag 40.000 sjukeheimsplassar i Noreg. Rundt 84 % av bebuarane, altså minst 33.000, er personar med demenssjukdom.

Symptom på demens er endra oppførsel, sviktande korttidshukommelse, svikt i dømmekraft, vanskar med kommunikasjon, og problem med å meistre daglege aktivitetar.

Korleis vil ein oppnå kvalitet og verdigheit i omsorga til sjukeheimspasientar med færre fagfolk pr. pasient?

Korleis vil fagfolk halde ut å ha arbeide i eldreomsorga og i sjukehusa dersom bemanninga går ned ?

Korleis møter kommunane våre denne utfordringa? Initiativ frå kommunale eldreråda?