av Ola Gjeilo, Lom

Rekordstore overskot i bankane på bekostning av næringslivet forøvrig

Eg har forståing for at livreima skal måtte strammast inn for å unngå ein galopperande inflasjon. Måten bankane praktiserer rentepolitikken sin på, gjev imidlertid delar av næringslivet svært vanskelege levevilkår.

Først skal desse bedriftene hanskast med redusert kjøpekraft. Så skal dei slite med ei enorm lånerente, for så venteleg skulle setje vesentleg opp løna til sine tilsette. Som om dette ikkje er nok, fører styrka kronekurs til rimelegare importvarer, noko som slår negativt ut for bedrifter som omset norske varer.

Det KAN ikkje vere slik dette er tenkt å skulle vere. Bankane treng ikkje slavisk å fylgje styringsrenta frå NB og vi som kundar MÅ ikkje finne oss i at dette skjer.

Frå bankane si side blir det meldt om rekordstore overskot over heile fjøla. DNB sit att med eit overskot på over 53 milliardar etter 2023. 7 av 10 kroner av dette overskotet kjem, i fylgje nettstaden Fri Fagbevegelse, frå andre delar av økonomien enn personmarknaden. Det vil i så fall bety at bedriftene står for 70% av det som i utgangspunktet skulle vere ei innstramming av privat kjøpekraft. Sparebank 1 Gudbrandsdalen slår seg på bringa med rekordstore bonusutbetalingar til dei tilsette.

Paradokset er at det er dei same bankane som sit med pant i dei verksemdene som slit og som må dra inn årene, delvis på grunn av den høge renta som bankane forlangar.

Så kan du si; gå til ein annan bank. Det er det lite hjelp i når alle bankane utøver tilnærma den same rentepolitikken.