Krefter AS si etablering og framferd i Vågå reiser fleire spørsmålsstillingar. Men fyrst, lat oss berre avkrefte at det blir mange arbeidsplassar av datasentre slik som Krefter tidlegare har hevda. Etter at datasentre er ferdig bygde så er det prat om teknisk vedlikehald, serverdrift som til dømes utbyting av defekte maskinvarekomponenter og fysisk tryggleik. Mannskapet som trengs for å fylle desse stillingane kan høgst sannsynleg telast på ei hand. Etableringa kan likevel ha positive ringverknader for regionen innan kompetanse og nyetablering såframt det faktisk er prat om datalagring og lokal arbeidskraft nyttast. Men med energimengda som er antyda frå Krefter AS er lokalbefolkninga si bekymring for produksjon av digital valuta høgst reell.

Det har vore hevda at Krefter AS skal bygge fasilitetar for datalagring. Det treng vi i Noreg, spesielt no som vi går usikre tider i møte er det bra med innanlands datalagringstilbod for data blir det berre meir av. Det er nokon sentrale premiss for å bygge datalagring: ein treng kraft, lagringskapasitet, bandbreidde og redundans. Medan dei to fyste seier seg sjølv er bandbreidde viktig for å sikre at data flyt fort til og frå kundar, og redundans via fleire tilkoplingar for å sikre at kundar ikkje opplev tenestebrot hvis ein fiber fell bort. Dei fleste internettbrukarar har gjort seg personlege erfaringar med treige og ustabile tenester og kjend på behovet for å byte dei ut. Berre spør ungdommen om "lagging." I tillegg blir ein fort sett på som ein useriøs aktør i bransja om tilbydd teneste har låg kvalitet, som referanse ligg ofte bransjekravet på 99,9% oppetid for seriøse aktørar.

Medan datalagringsanlegg vil ha omsyn på lagringskapasitet vil graving etter kryptovaluta (kryptoutvinning) derimot bruke anna type maskinvare. Det som eigentleg blir utført ved kryptoutvinning er tunge matematiske kalkulasjonar for å "låse opp" (utvinne) ein digital valuta. Kryptoutvinning er også verdiskaping ved at dei omsett elektrisk kraft til monetær verdi i form av kryptovaluta. Til dømes ligg verdien av ein Bitcoin no på ca 200 000 kroner, men det kostar kraft å låse dei opp og billegare kraft gjev betre nyttekostnad. Problemet ligg i at den utvunne kryptovalutaen lett kan flyttast ut av landet via internett utan noko særleg sporbarheit på kvar det flyt, størrelse på utbytet eller kven som blir sittande med gevinsten. Slik sett får ikkje vertskommunane noko att for billig investert kraft bortsett frå betalte straumrekningar.

Kryptoutvinning krev moderne og raske maskinar med mykje prosessorkraft. Kryptoutvinningsutstyret krev ein god del meir straum enn ein datalagringshall på grunn av den intensive utrekninga. I leserinnlegget sitt frå 10.08.22 foreslår Anders Kringstad at vi kan sjå det slik: eit kryptoutvinningsanlegg vil dra mykje kraft med ein gong det slås på, medan eit datalagringsanlegg vil hå lågare startkrav til straum, men drege litt meir for kvar nye store kunde som kjem til. Tungrekning frå kryptoutvinninga lagar på nytt mykje varme som avfallsprodukt.  I Noreg har vi mange datalagringssentre som surrar og går døgnet rundt. Det er ikkje eit uløyst problem å kjøle desse ned. Kva er det som skal gå så varmt på Lalm at Krefter AS har dette overdrivne fokuset på innovasjon innanfor kjøling?

Ein vesentleg forskjell mellom datalagringsanlegg og kryptoutvinning er at sistnemnde ikkje krev stor bandbreidde. Det skapar faktisk lite datatrafikk. Forenkla sett kan vi seie at det blir gjort ei utrekning som ledar til ei utvinning, denne utvinninga må sjekkast opp mot ein sentral autoritet/register for validitet. Oppsummert består derfor internett-trafikken av ein enkel førespurnad og eit svar per utrekning. I tillegg er utstyret noko involvert i verifikasjonen av andre transaksjonar innanfor kryptovalutamiljøet. Sjølv med stor utrekningskapasitet vil ikkje noko av dette lage datatrafikk i nærheita av det som er realiteten for datalagringssenter. I sistnemnde flyt det kvart sekund mengder med bilete, videoar og andre store filar ut og inn. Kringstad meiner slik sett at kryptoutvinningsanlegget kanskje klarer seg med bandbreidde så låg som 4G så lenge det er tilgang på kraft. For å seie det slik: Var det mykje fokus på å ha fiberen klar for det planlagde testanlegget på Fluguhaugen?

Videre ser vi frå andre kommunar at kryptoutvinningsutstyr ofte leverast og blir sett opp i store stålkonteinere.  Desse kjem ferdige sett opp og treng berre areal, straum og inngjerding for å sette i gang utvinninga. Krefter AS har prosjektert valdsamme straum- og nedkjølingsbehov, men eg har ikkje sett noko prat om fiber- og redundanskrav? I tillegg vil det aust-asiatiske eigarskapet til Krefter AS utgjere eit problem om dei skal opptre som ein seriøs aktør i datalagringsbransja. Dei vil konsekvent bli møtt med krav frå Norske kundar om å dokumentere at data ikkje flyt til Asia, særs no som den sikkerheitspolitiske situasjonen strammar seg til.

Eg kunne sagt meir om uprofesjonell framferd, energisløsing i ei straumkrise, og om å ta seg til rette i naturen, men andre har allereie påpeikt dette. Oppsummert meiner eg at det er fleire indikasjonar på at ordførar Sve Bjørndalen gjer rett i å påpeike ovanfor Krefter AS at Vågå kommune ikkje ynskjer å bruke straum til produksjon av digital valuta. Så til slutt vil eg seie at dei som brukar felles eigde naturressursar til næring pliktar å betale attende til fellesskapet som takk for lånet, men det vil utanlandske eigarar lett unngå ved kryptoutvnning da ein vanskeleg kan spore utbytet.