av Kari Bakken, Tone Yvonne Bergli, Ragnhild Bjertnæs, Matthias Hauge, Eva Haugo - Arbeidsgruppa Bevar Jettfjellet

Forslaget om hytteutbygging i Jettlie er ei sak som har engasjert mange. Facebook-gruppa Bevar Jettfjellet - ei urørt perle, har nesten 1100 medlemmar, dei fleste av desse er lokale.

Vi går mot lokalval til hausten. Vi i arbeidsgruppa Bevar Jettfjellet ynskjer fylgjande avklaringar i valprogrammet til dei fire ulike partia som stiller til val i Vågå:

Er partiet for eller mot hytteutbygging og eventuell anna kommersiell utbygging i Jettlie?

Dersom de er mot, korleis vil partia ta vare på Jettlie i framtida?

Dei ulike partia sine standpunkt om hytteutbygging, eller ikkje, i Jettlie, vil for mange vere av stor betydning for kva parti ein vel å stemme på i lokalvalet i Vågå til hausten.

Lokaldemokratiet og Vågå sine innbyggjarar er tent med ei tydeleg avklaring: Utbygging eller ikkje?