Viser til innlegg i Fjuken. 26 august.

Svein Arne Bøje skriv, ref: «at Skjåk AP har gjennom lesarinnlegg kome med informasjon mot Skjåk SP som er både feil og uredeleg».

Vi har gått igjennom alt vi har publisert for å finne årsak til Senterpartiet sine påstandar og finn fylgjande:

Skjåk Ap ved Nils Henry Fosstuen har skrive kun eitt lesarinnlegg, der fylgjande vart skrive, sitat: «Men der Skjåk SP vurderer og fusjonera selskapa ynskjer Skjåk AP og Bygdelista å behalde og utvikla selskapa slik dei er i dag og ikkje risikera at dei blir radert bort om nokre år».

Vi kan ikkje sjå at det er skrive noko som er feil eller uredeleg her.

Vi kan heller ikkje sjå at vi har skrive noko i partiprogrammet vårt som har faktafeil om dette temaet.

Til slutt, Fjuken hadde eit intervju med Skjåk AP der Skjåk Energi saka var eit av fleire tema. Her gjekk vi ut og støtta bygdelista i spørsmålet om fusjon- og/eller sal av dei aktuelle selskapa. Dette vart tydeleggjort under intervjuet, og referert korrekt i reportasjen. Her kan vi heller ikkje sjå at det er noko faktafeil.

Sjølv om dette er alt vi har gått ut med i media så langt, kjem likevel Skjåk SP med ytterlegare påstandar om at Skjåk AP alt er kjend med resultatet då dei har konkludert med at ein fusjon er heilt uaktuelt og at Skjåk AP har bestemt seg for å bruka ei kvar høve til å sverta Skjåk SP gjennom feilinformasjon og løgn.

Vi stiller fylgjande spørsmål tilbake, kven er det som svertar andre parti gjennom feilinformasjon og løgn!?

Dei politiske partia i Skjåk har hatt eit veldig godt tverrpolitisk samarbeid så langt i inneverande periode, dette ynskjer vi skal fortsetja over til neste periode. Derfor ber vi om at Skjåk SP tydeleggjer kva dei meiner som er feil og uredeleg frå Skjåk AP sin side, slik at vi kan få svara det ut og kome vidare i valkampen.

PS Skjåk AP ventar framleis på svar frå styreleiaren i Skjåk Energi, på dei påpeikingar og spørsmål som vart stilt i lesarbrev av 23. august.