Ditt og data

Eg trivst godt med den digitale verda. Eg frydar meg over alle tenester som blir digitaliserte, brukar aktivt sosiale media av ymse slag, og er ein storforbrukar av forskjellige applikasjonar. Det som gjer livet lettare, eller tenester betre, famnar eg hjarteleg om. Eg er nok litt meir atthalden om alle SOME-kanalar gagnar menneskeheita, men den totale rekneskapen vil eg påstå endar på pluss-sida.

Utviklinga går i ein forrykande fart, og når ein ser kor mykje som skjer i feltet rundt kunstig intelligens, spår eg at verda om 10 år ikkje kjem til å vera attkjennande for dei fleste av oss. Det er berre å hengje på for harde livet.

Saman med utviklinga og auka digitalisering kjem og nauda for meir lagringsplass og prosesseringkraft, og da kjem vi inn på debatten om plasseringa av eitt datasenter i Skjåk. Du har vel ikkje gløymt den?

Bygdalista tok tidleg eitt klårt standpunkt i denne debatten, og er både særs skeptiske og horveleg negativt innstilte til det som har vore presentert. Det eg synest er viktig å få fram er at BL ikkje er nokon motstandar av datasentre på generelt grunnlag. Det kan vera eitt positivt tilskot i ei bygd, og moglegvis vera noko vi alle ynskjer velkomen. Men vi må ta lærdom av kva som skjer både norda, og synna tunnelane. Dei siste åra har lokalavisane rundt om vore jamne med artiklar om nyoppretta datasentre i forskjellige små, og store kommunar som absolutt ikkje blei noko å smelle på framsida til kommunenettsida. Profesjonelle seljarar tvinnar småkommunar rundt vetlefingeren. Dei blendar oss med lovnadar om arbeidsplassar og gode inntekter, og førespeglar ei framtid der nett vi skal bli sentrum i ein digital revolusjon som verkeleg sett oss på kartet. I røynda risikerer vi å ende opp som grannane våre lenger nedover dalen med ein konteinar rigga for utvinning av kryptovaluta, ei enorm tapping av sårt trengde kraftressursar med tilhøyrande utslepp av spelvarme, inntekter som forsvinn ut av landet, og sit att med ingen nye arbeidsplassar, litt slettare omdøme og tilnærma null samfunnsverdi. I regjeringa sin rettleiar for etablering av datasentre (denne bør du ta ein glytt på), er dette nemnt som eitt konkret eksempel:

Einskilde norske kommuner har seld tomt til prosjekt som seinare har skifta føremål, for eksempel frå å tilrettelegge for etablering av eit «hyperscale» datasenter med fleire arbeidsplassar og tydelege ringverknadar, til rein kryptoutvinning med særs få arbeidsplassar. Då er det viktig at kommunen ved høve har etablert ein god gjenkjøpsavtale med tydelege kriterium for kva som utløyser moglegheita for gjenkjøp.

(www.regjeringen.no)

Det er lukkelegvis ikkje prat om noko sal av tomt i dette høvet, men eg kjenner meg likevel usikker på om ei kommune verkeleg kan sikre sitt høve til å kunne etterprøve at ein aktør held seg innafor sette rammer når dei fyrst er komne i gang.

Det som til no har vore presentert som moglege løysningar i Skjåk, har ikkje vore særskilt tillitsvekkande. Argument som lagring av sensitive data blir fort sabla ned, da førespegla infrastruktur ikkje kan handsame dette. Problemet med spelvarmen blir freista feia bort med algeproduksjon, som i røynda vil vera enda meir energikrevjande. Det blir sagt at det ikkje er mogleg å utvinne kryptovaluta i eitt slikt anlegg, noko fagfolket avslørar som, i beste fall, ei sanning med modifikasjonar. Alt dette kom fram på informasjonsmøtet tidlegare i år (som i seg sjølv var eitt skjerandes godt tiltak).

Bygdalista meiner at ei eventuell etablering av eitt datasenter, eller datalagringssenter, ikkje bør hastast fram. Det må gjerast eitt grundig arbeid i førekant som sikrar at eitt slik prosjekt vil både vera berekraftig og føremålstenleg for bygd, nasjon og framtid. Og det må sjølvsagt vurderast om innbyggjarane ynskjer det hit i det heile teke. Det er og nett no eitt endringsforslag av ekomloven, og ekomforskrifta på høyring som inkluderar ei betre datasenterregulering, og høgare sikkerheitskrav til alle aktørar som moglegvis kan vera ei støtte for nye datasenterkommunar i framtida.

Fram til da vil eg nytte høvet til å oppmode alle til å heller gjera ein liten innsats sjølve. Rydd i e-postane dine, meld deg av reklameutsendingar,  vurder om du treng å poste den same dansevideoen på TikTok 10 gonger, og slett duplikata av feriebileta dine. Kanskje vi kan nytte denne datalagringsplassen til noko anna?