Vi har no feira grunnlovsdagen vår som vart vedteken i 1814. Norges Grunnlov § 1 slår fast at Norge har nasjonal suverenitet, og skal vere eit konstitusjonelt monarki. Norge skal vere eit sjølvstendig rike med uavhengigheit i høve til andre land.

For Senterpartiet er det grunnleggande viktig med folkestyre i eit samfunn der den enkelte tek ansvar for eige liv, for fellesskapet og for naturen. Skal vi oppnå rettferdig fordeling treng vi eit levande folkestyre og ei tydeleg desentralisering av makt, kapital og busetjing.

Skal vi få til ei rettferdig fordeling kan ikkje marknaden aleine styre. Dette ser vi no innanfor energipolitikken og det er viktig innanfor landbruks- og fiskeripolitikken. Jorda og havet er ein arv som vi forpliktar å forvalte for etterkommarane våre, og klima- og miljøproblema er vår tids største utfordring. Natur, miljø og klima må derfor sjåast i samanheng med alle andre samfunnsmål, og sikre ei forsvarleg og berekraftig forvaltning av ressursane og miljøet.

Da treng vi eit sterkt folkestyre! Vedtak og tiltak som blir sett i gang må både bli forankra og forstått for dei det gjeld. Det er ved val den enkelte kan påverke kven som skal fatte desse vedtaka om tiltak som skal gjerast.

Derfor reagerer vi når Miljøpartiet De Grønne vil melde oss inn i EU fordi det norske, folkevalde Stortinget ikkje gjer dei vedtaka som MDG meiner bør gjerast. Det er jo ei ærleg sak å meine at vi skal inn i EU fordi ein trur på det overnasjonale systemet med toppstyrte prosessar, men det skal og må vere det norske folkestyret som skal legge premissane. Alle parti som sit på Stortinget kan jobbe for sin politikk og påverke alle innstillingar i dei ulike komiteane før dei kjem til Stortinget for votering. Vegen blir lang frå Kari i Skjåk til Pieter i Brüssel når det gjeld rovviltpolitikk. Vegen blir fort kronglete for Einar på Hamar til Juliana i Brüssel når det gjeld kva som skal prioriterast av energi. Når Gunnar skal blinke tre i sin skog på Elverum er det nasjonale vedtak og føringar som bør ligge til grunn basert på vårt klima og vår forvaltning.

Senterpartiet er opptekne av internasjonal politikk, samarbeid og fornuftige alliansar. Norge sin posisjon i den verda vi ser rundt oss nå viser med all tydelegheit vår geografiske, strategiske og økonomiske rolle som forsterkar viktigheita av norsk sjølvstyre.

Vi er inne i ei tid der alt går stadig raskare og samfunnet er prega av sterkare polarisering mellom grupper og verdsdelar. Samtidig er Norge eit av verdas rikaste land med nokre av verdas beste velferdsordningar. Vi er inne i ei brytningstid der vi må ta klimaendringane på alvor, styrke beredskapen vår, sikre ein berekraftig velferdsstat, sikre nasjonalt eigarskap og tydeleggjere den lokale og nasjonale sjølvråderetten. Vi må førebygge uro og polarisering ved å gje like moglegheiter til å skape gode lokalsamfunn. Dette må vere uavhengig av kvar du bur, økonomi og sosial tilhøyrigheit. Statens oppgåve er å sikre rettferdig fordeling som har aksept i kommunar og fylkeskommunar.

Da er ikkje svaret å gå inn i EU, men tvert imot utfordre EØS-avtalen aktivt slik at Norge reserverer seg mot direktiv og forordningar som trugar grunnleggande norske interesser eller omsynet til folk sin tryggleik for arbeid, helse, miljø og trygging. Det har det enda ikkje vore fleirtal for i Stortinget å gjere. Det er og skal vere den norske Grunnloven som gjeld.