av Anna-Marie Ørjasæter

Rektor Per Nørstebø på Klones sa til oss elevane for «nokre» år sidan: «Kjem du ein stad og ser korleis grindstolpane er, da veit du kva stell der er innanfor».

Slik er det i Bismo sentrum, det må vera pent og velstelt til ein kvar tid.

Fleire blomsterkasser! Den fine muren ved fontena, eit unikt blomsterbed!

Der må nokon ha ansvaret for heile sumaren, vatne, ta bort visne blomar og blad, og ugras.

Innkøyringa frå riksveg 15 bør ynskje alle velkomne med mykje blomar og anna.

Lykke til!