Sommaren er her, og både dyr og folk trekker til Jetta, eit kulturlandskap med store naturverdiar, tett på sentrum.

Vågå Sp ønskjer ikkje eit hyttefelt på Jetta. Da kommuneplanens arealdel var oppe i kommunestyret i 2017, var det ei klar todeling mellom Ap og BL som opna opp for langt meir hyttebygging og omregulering av natur og landbruksareal, enn det opposisjonen med Sp og Sv ønskte.

Noko fekk vi endra på, andre område kom med. Eit av dei var framlegget om hyttefelt på Jetta. Samstundes vart det i 2017 sagt at kommunen skulle utarbeide ei samla plan for hyttebygging.

Noko slik plan har ikkje vore til drøfting sidan, og å opne eit nytt hyttefelt før vi har drøfta nokre overordna spørsmål bør ikkje vere aktuelt for noko parti. Særleg ikkje etter dei siste åras endring i hyttemarknad og folks hyttevaner. Ei lang rekke fagfolk, interessegrupper og hytte-kommunar som har uttalt seg med stor skepsis til fleire hytter.

Det er skjedd store endringar sidan 2017 som styrker argumenta mot meir hyttebygging. Spørsmålet om å verne naturen og minske fotavtrykk og forureining har vore der lenge, og dei blir ikkje mindre viktige med åra. Hyttemarknaden som fekk eit oppsving i starten av pandemien har falt igjen, og etterspørselen er mindre.

Samtidig ser vi at hytter ikkje lenger er ei investering for langtidsbruk, men blir kjøpt og solgt med korte mellomrom, og at talet på overnattingsdøgn er mindre enn før. Samstundes har det skjedd ei stor satsing frå fleire aktørar på turisme i sentrum i Vågå. Dei treng ikkje eit nytt hyttefelt med høgstandardhytter som står meir tomme enn dei har folk i seg. Dei har til gjengjeld stor nytte av Jetta som lett tilgjengeleg friluftsområde. Fleire overnattingsdøgn i varme senger i sentrum gjev dessutan langt større økonomisk vinst, enn eit nytt hyttefelt.

Området som er tenkt utbygd på Jetta er eit svært viktig beiteområde av høg kvalitet. Ein tendens der både tørke og mykje nedbør kjem oftare og med større kraft enn før, gjer det uklokt å legge hytter i område der vann til tider er mangelvare. Det er mange argument som styrker motstanden mot eit nytt hyttefelt på Jetta. Vågå Sp ser ikke tilstrekkeleg med gode grunnar til å opne for hyttebygging her, og er av den oppfatning at reguleringsplanen frå 2017 på ingen måte gjev noko blanko-fullmakt for utbygging.

Sjølv om posisjonen i kommunestyret har fleirtal, treng dei framleis å argumenter godt for ei slik utbygging. Og det er langt fleire enn opposisjonen i kommunestyret dei må overbevise.