av Sigurd Rønningen, Vågå

I dag jublar leiinga i TINE over å ha lurt gudbrandsdølar og media trill rundt. Gudbrandsdalsosten - den suverent sterkaste merkevara i norsk landbruk og matproduksjon - skal aldri meir produserast i Gudbrandsdalen, men på TINE sine meieri på Vestlandet og i Nord-Norge.

Så kvifor jublar gudbrandsdølane? Fordi dei av TINE og media er servert ei tynn suppe om at landbrukssamvirket no vil lansere og produsere ei ny merkevare på ysteriet i Skjåk: Grytekokt brunost. Utan Gudbrandsdalen i namnet.

 Ein Gudbrandsdalsost uten Gudbrandsdalen i namnet er berre ein brun ost. Det veit Tine inderleg vel. Om tre-fire år legg dei ned Ysteriet i Skjåk grunna dårleg sal av den nye og ukjende brunosten. Heilt utan protest - for merkevara Gudbrandsdalsost og identiteta til Dalenes Dal stal dei jo i dag.

Til ståande jubel frå gudbrandsdølene med Arne Brimi i spissen(!)

Fred over minnet til G35 - og snart TINE Ysteriet Lom og Skjåk.