Senterpartiet meiner at alt av lover og retningslinjer skal tilpassast lokale høve. Vi vil styrke det lokale folkestyret og gi kommunane større moglegheit til å råde over små og store saker som angår innbyggjarane i kommunen.

Vi ser for mange døme på at statsforvaltaren fremjar motsegner når kommunane vedtek planar med ynske om å leggje til rette for vekst og utvikling lokalt. For Lom sin del fremja statsforvaltaren motsegner mot kommunen sine planer for spreidd bustadbygging i forbindelse med arealplan.

Dette er et typisk døme på at lover og regler som er meint for byar og tettbygde strøk også blir presset på ei kommune med stor geografisk utstrekning og spreidd busetnad som Lom.

Motsegner har en viktig funksjon i demokratiet, men det må avgrensast slik at staten ikkje hindrar det lokale sjølvstyret utan at det føreligg tungtvegande regionale og nasjonale interesser. Senterpartiet vil endre staten sine planretningslinjer og andre statlege/regionale føringar for å sikre at kommunar med spreiddbygde område ikkje blir ramma av ein fortettingspolitikk som ikkje er ynskt av desse kommunane. Disse kommunane må sjølve kunne bestemme kvar det skal leggast til rette for bustadutvikling og i kva grad spreidd bustadbygging skal vere tillate.

Da regjeringa presenterte Distriktsmeldinga tidlegare i år, vart det varsla at kommunane skal få meir makt og mynde. Kort oppsummert skal kommunane få større moglegheit til å bestemme kvar i kommunane det skal byggast bustader. Regjeringa meiner arealpolitikken må tilpassast til dei lokale høva og legge til rette for ny vekst og sterkare utvikling i områder med svak eller negativ utvikling i folketalet. Det skal leggast til rette for meir bustadbygging i områder med låg befolkningstettleik.

Regjeringa skal leggje fram nye planretningslinjer i løpet av hausten. Retningslinjene skal gjelde for heile landet, men ha en tydelegare differensiering mellom tettbygde og spreiddbygde områder. Dette kjem i tillegg til regjeringa si satsing på Husbanken og endring i bustadlovene som er på høyring no. Slike grep vil hjelpe oss med å løyse bustadutfordringane i distriksnoreg, og stimulere til utvikling i heile landet, inkludert Lom.