av Torstein K. Garmo

Skal ein skrive om næringsfondet i Lom og få med litt om kva dette på sett og vis dreiar seg om, så må ein gå meir enn 800 år attende i tid. Ein kjem ikkje utanom å ta med litt om det brevet, eller diplom som det vart kalla, som vart skrive ned ein gong mellom 1202 og 1220. Dette diplomet vart tatt inn i Diplomatarium Norvegicum, og er det 4. diplomet i det 2. av totalt 19 bind og som inneheld om lag 19.000 brev og dokument. Diplomet – eller brevet – om Tesse er det eldste i denne store samlinga som fortel om ei konkret hending, og det er skrive av biskop Ivar Sjalgi (den vindøygde) som var biskop i Hamar frå 1196-1221.

Biskop Ivar hadde med nokre av sine næraste rådgjevarar, og sikkert fleire enn det, den lange vegen frå Hamar til Lom - på hesteryggen.  Denne lange turen tok han for å ta i vare kyrkja sine interesser i Tesse og fisket der. Han skriv slik: «Kristkyrkja i Hamar og mange andre heilage stader eig der eigedomar i». Vi veit at kyrkja var eigar av nokre gardpartar, som dei kalla det, i Vårdalen. I sitt følgje, vel for å stadfesta ting, hadde han med seg Thorgeir erkedjakn (stabssjef?), Thore lagmann og Simon kapellan, og naturleg nok ein vaktstyrke vil eg tru.  Stadfestinga på at dei var i Lom ligg i denne utsegna: «Slik fråsegn var gjeven ved hovudkyrkja i Lom framfor meg».

Det at ein biskop drog den lange vegen frå Hamar og til Lom for å ta i vare kyrkja sine interesser i fisket på Tesse, viser vel kva for verdiar som låg i dette vatnet. Det var mykje fisk og i tillegg var den av spesielt god kvalitet. Fagfolk i dag hevdar at ein måtte opp til vatn som låg vesentleg høgare for å finne same kvaliteten.

Det lokale kraftselskapet Eidefoss viste tidleg interessa for å bygge ut fallet frå Tesse og ned til Vågåvatnet, som var på nær 500 høgdemeter, til kraftproduksjon. Dei søkte om konsesjon eit par gonger, siste gongen i 1938, men dei fekk nei frå styresmaktene.

Med den tyske okkupasjonen i 1940 endra det meste seg, og Eidefoss, søkte på nytt i november 1940. Den 3. februar i 1941 fekk dei løyve til å regulere Tesse.  I eit enkelt brev frå Arbeidsdepartementet, der det i eit par setningar blir gjeve varsel om at det blir gjeve løyve til å regulere Tesse. Brevet er signert av arbeidsministeren i Vidqun Quisling si regjering.  Dette var ikkje ei sakshandsaming etter norsk lov så dei måtte søke på nytt etter krigen, og dei fekk konsesjon i 1948, 5 år etter fyrste reguleringa.

Den fyrste reguleringa av Tesse vart sett i gang i 1941 og den var gjennomført i 1943. Utbyggjaren hadde fått pålegg om å betale konsesjonsavgift, og fyrste innbetalinga skjedde i 1943 og det var den fyrste innbetalinga til næringsfondet i Lom kommune. Dei fyrste 20 åra var det berre dei årlege innbetalingane av konsesjonsavgift frå reguleringa av Tesse som utgjorde næringsfondet i Lom. I 1962 var den fyrste reguleringa på Sognefjellet gjennomført, den som vart kalla Fortun-Granfasta.  Fyrste innbetalinga frå denne kom i 1962 så vidt eg har kome fram til. Avgifta frå Tessereguleringa utgjer om lag ein tredjedel av totalsummen, som i dag utgjer 5,3 mill., og reguleringa på Sognefjellet dei resterande to tredjedelane.

Stortinget vedtok i i 1917 Lov om regulering og kraftutbygging i vassdrag der det bl.a. er pålegg om at ein må ha konsesjon for å gjennomføre ei kraftutbygging. Gjennom kravet om konsesjon kunne staten hindre utanlandske oppkjøp i den hensikt å bygge ut kraftverk.  I paragraf 14 i lova er det sett som vilkår at det skulle betalast ei årleg avgift som blir kalla konsesjonsavgift. Det står følgjande: «Ved reguleringer beregnes avgiften etter den økningen av vassdregets lavvannføring som reguleringen antas å medføre.»  Avgifta blir gjeve til magasinet for dei ulempene og skadene ei oppdemming og nedtapping av eit vatn fører med seg. Det står vidare i § 14 i lova: «Avgiften avsettes særskilt for hver kommune til et fond. Fondets midler skal fortrinnsvis anvendes til utbygging av næringslivet i distriktet».

Eg er imponert over kor framsynte politikarane på Stortinget var i 1917. Fyrst dette at dei sette vilkår om konsesjon. Om vi ikkje hadde hatt det vilkåret i lova så ville nok store delar av vasskraftressursane i landet vore på utanlandske hender i dag. Vidare er eg også imponert over den måten dei utforma retningslinene for konsesjonsavgifta. Det er slik at når eit vatn blir regulert så fører det til store øydeleggingar av store ressursar og naturherlegheiter for all framtid. Dei set som vilkår at avgifta i størst mogleg grad skal brukast til å bygge varige verdiar, ved at fondets midler «fortrinnsvis skal brukes til utbygging av næringslivet i distriktet». Tenk om dagens politikarar – som nå har hand om desse midlane – hadde vore like framsynte som dei var for meir enn hundre år sidan.

Det er ut ifrå krav i lova utarbeidd retningslinjer for bruk av næringsfondet i Lom. Dette er sjølvsagt med utgangspunkt i det som står i vassdragsreguleringslova, og også ut i frå det rundskrivet som er sendt ut av staten om utarbeiding av vedtekter for kommunale næringsfond.

I dei kommunale retningslinjene for Lom kommune står det i punkt 2: «Næringsfondet skal ikkje nyttast til løpande drift. Det bør ikkje nyttast til aksjeteikning i private bedrifter.»

Under budsjetthandsaminga i kommunestyret i desember så vart det fatta vedtak om å bruke opp mot 1 mill. meir av næringsfondet enn den årlege overføringa på 5.3 mill. Alle postane er driftsrelaterte, i meir eller mindre grad.

Visit Jotunheimen søkte kommunen om 800.000 kr. til drift. Liten tvil da om at det er til drift, men søknaden vart likevel innvilga. Så vart det disponert litt over 1 mill. til drift av næringskontor, og 447.000 til Regionrådet. Til slutt 2,5 mill. til drift av landbrukskontor. Det er ikkje ei einaste krone til investeringar – utbygging – som det heiter i lova.

Den bruken av næringsfondet vi ser i Lom er klart i strid med intensjonane i lova. Det er eit regelrett brot på eigne retningslinjer for næringsfondet. Men det som er meir alvorleg er det faktum at dette også fører til eit indirekte brot på kommunelova.  Gjennom at kommunen brukar av fond til å dekkje ein del utgifter som heilt klart er driftsutgifter, så skjuler dei i realiteten driftsutgifter.

I kommunelova sin paragraf 14-9 står det slik: «Utgifter til drift skal føres i økonomiplanens driftsdel». «Økonomiplanens driftsdel, driftsbudsjettet og driftsregnskapet skal bare finansieres av løpende inntekter.»

Dette er relativt alvorleg. Det er mi klare meining at kontrollutvalet i kommunen må ta ein gjennomgang av årets budsjetthandsaming.