Av Torgeir T. Garmo

Sparekniven heng tungt over dei vidaregåande skulane i Oppland. I Nord-Gudbrandsdal står avdelinga i Lom med 100 elevar på nytt i fare for å bli lagd ned, og fordi det er stuttsynet som styrer verda og pengane som trumfar fornuften kan klassene i fjellheimen nå bli nulla ut.

Få er lenger i tvil om at verda er på tur inn i ei klimakrise, heile det vestlege forbrukarsamfunnet må stillast om. Endringane og dei naudsynte omstillingane vil bli enorme og krevja kunnskapar og innsikt vi knapt har i dag. Ingen stad i landet vårt kjem endringane raskare enn i høgfjellet, her kan vi frå år til år sjå korleis breane smeltar bort og vegetasjonsonene kryp oppover tidlegare berre lier. I Steinsenteret har eg årleg hatt besøk av studentgrupper frå Blindern til Berlin som alle har brukt delar av Jotunheimen som feltområde. «Berre ved å studere prosessane frå der dei startar, kan vi skaffe oss kunnskap nok til å møte eit varmare klima!», sa ein engelsk professor til meg.

Skulen i Lom ligg tett inntil denne fjellheimen. Og i staden for å leggje han ned, burde han fortast råd supplerast med naturfaglinjer som i tillegg til feltområde i Jotunheimen og dei lågalpine (hyttefri) områda rundt kan bruke Fjellsenteret, Klimaparken og Steinsenteret/Tidsaksen til skulerom. Og Lom har meir, vi har verna elver, karstlandskap og naturskogar, vi har vel utbygde Fjell-skular, vi har seterlende og økologiske gardsbruk.

Temperaturane stig alt i Europa. Å leggje ned ein vidaregåande skule i Lom vil vera som å knyte band for augo og vakle baklengs inn i framtida.