Kommunepolitikarane i Vågå har fått storfisk i garnet. I fylgje GD 9. og 10. september er ordføraren i ferd med å hale inn fangsta.

Selskapet Krefter A/S har eit morselskap i Singapore, bak står eigarar frå Kina, Singapore og USA. Det høyrest ikkje betryggande ut, kapitalen lengst bak er som oftast anonym. Og det er neppe tilfeldig at selskapet har valt vesle Lalm som landingsplass. Eller, som ordføraren uttrykkjer det, er det ein «aktør som er oppteken av å vera så nær straumkjeldene som råd.» Straumkjelda i Ottadalen er som kjent Eidefoss, og her svarar konsernsjef Hans Kolden at det her «er det snakk om slike dimensjonar så det er uaktuelt for oss å vera kraftleverandør.» Ordføraren opplyser elles at han har ei god magekjensle og nektar for at han har vore naiv.

«Krefter» er elles fleirtal av kraft, men også av kreft.

Krefter A/S ynskjer å byggje Verdas mest effektive og miljøvenlege datasenter.» Da høver det godt at dei startar med å ta seg til rette utan noko form for kommunal søknad eller godkjenning ved inntaksdammen til Eidefoss på Tessand. Storkapitalen treng vanlegvis ikkje bry seg med å spørja eit lite kommunestyre om løyve til sine «prøveprosjekt.»

Krefter A/S opplyser at forbruket deira vil vera over 100 MV, men at dei på full kapasitet vil krevja dobbelt så mykje. Dei «vil kjøpe straum i marknaden på vanleg måte, helst gjennom fastprisavtaler.» I nyheitene i dag opplyste ein talsmann frå NVE at forbruket av elektrisitet stig så fort her i landet nå at dei rekna med straum-mangel frå 2025.

Ordføraren i Vågå bekreftar elles at han var klar over dimensjonane når det gjeld straumforbruk. Han er knapt så naiv at han ikkje innser at dette vil få store konsekvensar for prisnivået på straum i heile området til Eidefoss og utafor.

Det er spennande å få storfisk i garnet, men ein røynd fiskar forstår når fisken kan vera ein hai som kan draga heile båten med seg i djupet.