Århundre med union førte til at skriftspråket vårt vart dansk, medan det norske talemålet heldt seg i dei mange dialektane. Vi har ikkje nokon offisiell talemålsnormal, så det er ikkje noka opplæring i talemål på skulen. Det er lovfesta alt frå 1878 at elevane kan bruke sitt eige talemål utan noka form for normalisering. Interessa for dialekt og bevisstheita om at det lokale talemålet endrar seg raskt, er tydelege teikn i tida. I radio og fjernsyn, grupper på facebook og at dialekt som eit tema under diktardagar, seier sitt om interessa for målføre.

«Vi er eit folk som talar dialekt», sa Sven Moren i eit foredrag i BUL Oslo i 1925. «Eg synest det er heilt flott at ikkje alle høyrest ut som om dei kjem frå Oslo», sa Kong Harald i eit intervju i Norsk Tidend i 1999. Kloke ord som mange av oss stiller seg bak. Noreg er eit land med stort dialektmangfald der målføra nyt større vørdnad og er oftare brukt enn i andre europeiske land. Også på talarstolen i Stortinget høyrer vi titt og jamt bruk av målføre og dialektfarga språk. Slik har det ikkje vore alltid.

Holdningar til dialektbruk har endra seg

Særleg i 1970-åra fekk vi ein snunad med omsyn til omdømmet av dialektbruk. Bygdekulturen fekk ein heilt annan status. Vi opplevde eit politisk klimaskifte med vekt på mellom anna miljø og naturvern, og det vart blæst rundt lokalkultur og dikting på dialekt. Motstanden mot diskriminering av dialektane vart samla i slagordet «Fram for dialektane!», ein protest mot det sentraliserte maktsystemet og ein strid for lokale kulturverdiar. Det vart lettare å tala dialekt.

Det er nøgda av utsegner som vitnar om eit nedlatande syn på bruk av dialekt tidlegare: «Bygdemaalene ere Døden hjemfaldne,,lige saa vel som de gamle Nationaldragter, og forhaabentlig og den spedalske Syge og Skabben» (Otto Theodor Krogh, 1878) «Eg kan sætte en Streg paa Væggen: saa høit kan Bonden naa i Kultur, ikkje høiere». (Bjørnstjerne Bjørnson i 1899). «Dette landet har vært utsatt for to fatale ulykker. Det er Svartedauen og Ivar Aasen» (Henrik Groth, 1973). Slike utsegner verkar nærmast utenkjelege i dag.

Dialekten viser kven vi er

«Je er je, og det ville itte vøri mei med ei anna dialekt» skreiv daverande finansminister Sigbjørn Johnsen i Hamar Arbeiderblad i1993. Språket er altså noko svært personleg. Gjennom språket uttrykkjer vi kven vi er, både gjennom innhaldet vi formidlar og den språklege forma. Såleis blir dialekten nær knytt til vår identitet, noko som gjer det vanskeleg å prata nedsetjande om språkbruken utan samstundes å vera nedlatande om personen. Språket er au eit sosialt symbol som fortel kor vi høyrer heime. Det betyr at vi også stemplar gruppa når vi stemplar språket.

Stygge og pene dialektar?

At dialektar får ulike verdiar som pene, stygge, rare, komiske og koselege kan føre til at mange føler seg pressa til å leggje om talemålet. «Det ser ut til at en dialekts prestisje  er proporsjonal med avstanden frå maktsentrene» skriv Geirr Wiggen i Dagbladet i 1973. Iblant høyrer ein utsegner som «Her snakkar vi så breitt» eller «Dialekten vår er så flat», altså uttrykk for at folk vurderer sitt eige talemål negativt. Det er ofte former som særpregar språket åt bønder og arbeidarar, som får låg prestisje. Ikkje minst har dette vore tilfelle i byar og bynære strøk.

Som nemnt, er talemålet eit kjenneteikn på den sosiale gruppa eller fellesskapen vi har vakse opp i, og såleis svært grunnleggjande for identiteten vår, for kva vi står for. Verdiar og holdningar kjem frå denne gruppa, og det same gjeld grunnlaget for kjenslelivet vårt. Men identiteten vår er ikkje berre det vi er, men også det vi ønskjer å vera. Vi kan også ha eit ønske om å stå for andre verdiar enn dei som representerer miljøet vårt. Vi kan kanskje frykte eller ha opplevd at bakgrunnen vår representerer eit hinder for å nå fram og bli godtatt. Difor godtar vi andre vurderingar av oss sjølve, og vi prøver å flykte unna dei med å markere ein annan identitet, at vi sår for andre verdiar.

Det verkar som denne nedvurderinga av eige talemål er lite utbreidd i Gudbrandsdalen. Dei fleste har ei positiv oppfatning av dialekten sin, og ei vanleg oppfatning er at talemålet, særleg i Norddalen, er vakkert. Diktaren Olav Aukrust sa dette om bygdemålet i ein tale i Lom heradsstyre i 1926: «Ette mi meining e det byrgare og traustare enn vestlandsmaalet, og det er edlare og reinare enn flatbygdmaalet. De` è sjølve høgnorsken, fjellnorsken som her slæ imot oss med sin veldige gufs.- - I mi dikting ha` è freista lyfta dette maal inn i vaar litteratur». Det er ikkje tvil om at diktarar og andre kunstnarar har betydd mykje for den vanlege oppfatninga av dialekten. Tenk t. d. på Alf Prøysen, Einar Skjæråsen og Jakob Sande.

 Reint språkleg sett er det sjølvsagt ikkje grunnlag for ei slik rangering. Det er mellom anna politiske og sosiale tilhøve som ligg til grunn. «Pent» og «stygt» er verdiar som samfunnet tillegg språket, og det finst ikkje noko objektivt mål på desse vurderingane. Ein dialekt er eit abstrakt fenomen, eit språk med sine grammatiske reglar og si historie. I språket finn vi ulike nivå: lydverk, formverk eller grammatikk, ordforråd og uttrykksmåte. Lydverket er det mest stabile, medan uttrykksmåten blir individuell og varierande. Legg vi desse nivåa til grunn saman med stemmebruk og artikulasjon, er det ingen som pratar likt. Difor er det meiningslaust å seia at ein dialekt er pen eller stygg. Meir logisk er det seia at han eller ho pratar pent eller stygt, sjølv om det heller ikkje her finst objektive språklege grunnar.

Språket - i forfall eller vekst

Grauten var så mykje grautare før i tida, hevda Odd Børretzen. Vi pratar ikkje skikkeleg dialekt lenger, er ei utsegn ein jamt høyrer. Under nasjonalromantikken i førre hundreåret hadde slike holdningar sitt uttrykk i eit syn som hevda at språket hadde utvikla seg frå ein fullkomen tilstand under gullalderen til forfalne leivningar i dag. Årsaka til reaksjonane kan au vera at ein følte seg trygg i og kjent med det gamle som fell bort medan det nye er usikkert. Naturleg nok er det særleg dei eldre som reagerer mest på språkutviklinga.

Språket har endra seg heile tida, og dei største omveltingane hadde vi frå ca 500 til 700 og på 12- og 1300-talet. Frå rundt 1500 til i dag har det skjedd lite med talemålet når det gjeld lyd- og formverket. Her er det eit atterhald: Særleg frå 1960 – 70- åra har det vore ei gradvis forenkling av formverket, og dette er tydelegast blant yngre og ikkje minst i bynære strok.

At tida går og at samfunnet utviklar seg, merkar ein best i at ord døyr ut og at nye kjem til. Ord som skåk og bukgjord er nok ukjende for mange, ganske enkelt fordi vi ikkje har bruk for dei. Utviklinga innan den materielle kulturen har ført til store endringar i ordtilfanget. Mange ord har mist funksjonen og blir gradvis borte, medan nye kjem til. Ord som humul, eit krøkje, ein stytting, ei aktarkorg, ei attlego høyrer til i ei anna tid. Mange spesielle dialektord som ikkje er så vanlege i normalspråket, blir au gradvis borte. Her kan det gjevast ei mengd med døme, men eg nøyer meg med nokre: Ein dysk, å mutle (småregne), å idast, å huluke (hægtide), ein fyLe hund, ein bolung, gron (grjon), låmhard (adv). Forståinga av slike ord vil nok variere ein god del, avhengig av alder, yrke, bakgrunn elles og kor i bygda ein bur.

Men ordforrådet i språket minkar likevel ikkje. I boka Nyord i norsk 1945 – 75, som kom ut i 1982, er det registrert 7- 8000 nye ord. Sjølv om mange av desse orda er døgnfluger, er ein god del av dei ord som er daglegdagse: korona, halde meteren, å nave, jaktstart, frynsegode, idédugnad, data, datavirus, bunadpoliti, lusekjøre.

Skjønar vi alle dialektar?

Av dei nemnde språknivåa er det ordbruken og uttrykksmåten som endrar seg snøggast, og det mest stabile er lydsystemet. Det er ei mengd ord som er lite brukt, særleg blant yngre; å finne ord som mange ikkje skjønar, er ei smal sak. Nå er det slik at orda vanlegvis ikkje opptrer isolert, men er ein del av ein tekst som atter er i ein kontekst, altså ein kulturell samanheng. Ein interessert språkbrukar vil såleis skjøne innhaldet sjølv om han ikkje er like fortruleg med alle orda. Iallfall gjeld dette for dei som er i talesituasjonen. Ein utanforståande som er vitne til ei samtale på dialekt, vil nok ha større problem. Personane i samtalesituasjonen har gjerne ein felles kulturell bakgrunn, altså lik føresetnad, slik at det ikkje er nødvendig med så omstendeleg og tydeleg tale for å gjera seg forstått. I tillegg er gjerne taletempoet høgt. Dialekten er eit nærspråk, ein personleg språkvariant som særleg er brukt i ein kulturell fellesskap. Dette kan føre til at mange ikkje pratar like tydeleg. Sjølvsagt er det ikkje berre språket, særleg orda, som avgjer kor godt vi skjønar. Stemma og kor tydeleg og seint vi pratar har mykje å seia.

Min påstand er likevel at dialektbrukarar skjønar einannan. Føresetnaden er at ein legg godviljen til både for å bli forstått og forstå. Tydeleg tale i artikulasjon og ordbruk er det viktig å leggje vekt på når vi pratar. Eit velkjent understrykkingsmiddel er å ikkje vilja forstå. Dermed markerer ein avstand og seier indirekte at talemålet til vedkomande ikkje er godt nok.

Eg meiner det er positivt at vi ofte høyrer bruk av dialekt eller dialektfarga språk i t d radio og fjernsyn. At folk blir van med å bruke dialekt i formelle situasjonar, er viktig. Språkleg sett kan dialekten brukast i alle samanhengar med visse justeringar. Likevel knyter dialekten oss til ei bestemt gruppe på ein geografisk stad, noko eit normaltalemål ikkje gjer. På denne bakgrunnen kan det verke meir logisk å normalisere t d i nyheits- og værmeldingar i radio og tv. Situasjonen gjer det naturleg med ei meir nøytral språkføring. Uansett er dette ei språkpolitisk sak eg ikkje skal ha så sterke meiningar om.

Vi pratar ikkje likt

Til slutt må eg understreke at det er både endring og variasjon når det gjeld dialektbruk. Ingen pratar likt, særleg viss vi trekkjer inn ordbruk og uttrykksmåte. Samfunnet er langt meir mobilt enn før, og folk frå andre område og andre land flyttar til Vågå og andre bygder. Såleis møter ulike dialektar og språk einannan, noko som au forsterkar språkendringane. Ein del lokale særtrekk blir gradvis borte.

Det er talemålsskilnader særleg bestemt av alder, kor ein bur og kven ein er saman med, men den tradisjonelle dialekten held seg nok godt her, særleg samanlikna med t d Hallingdal, Hemsedal og noko Valdres.  Talemålet har status, og eg påstår at vi finn lite skilnader ut frå den sosiale bakgrunnen til folk, altså yrke, utdanning og familie. Iallfall Den største talemålsvariasjonen er nok bestemt av alder, og gjeld særleg ordbruk, noko og grammatikk, slik som bruk av dativ. Ei anna sak er at innflyttarar kjem med eit anna talemål. Ei bygd, og særleg ein tettstad, representerer eit stort språkleg mangfald.

Den store endringa i det materielle samfunnet særleg den siste generasjonen fører logisk til at talemålet endrar seg. Likevel er det få stader i landet der dialekten held seg så pass stabil som i Gudbrandsdalen.

Kjelder:

- Vårt eget språk. Bind 2  (Aschehoug 1987)

- Ottar Grepstad: Den store nynorske sitatboka (Det norske samlaget 2000)