Skjåk har ei lang historie med vellykka industribedrifter. Frå etableringa av Skjåk Snekkeri, til Bismo Industrier og vidare til Interfil, har desse bedriftene vore særs viktige i å forme Skjåk til ei robust industrikommune. I kjølvatnet har det kome til andre bedrifter som SEBB og Glasopor, som også bidreg til å gjere Skjåk til ein viktig næringsaktør. Landbruksnæringa i Skjåk er godt kjend for si evne til omstilling og gode samarbeidsløysingar. I tillegg til dei store industribedriftene og landbruket har vi  mange mindre føretak innan til dømes matproduksjon og reiseliv. Ein stor andel av desse er sesongbedrifter med drift kun i delar av året.

Samarbeid mot sentralisering I fleire tiår no har regjeringar både til høgre, i sentrum og på venstresida gjennomført sentraliseringspolitikk som har vore til stor skade for utviklinga i distrikta. Gardsbruk blir nedlagt, arbeidsplassar blir flytta til såkalla større fagmiljø i byane og ungdommen kjem seg ikkje attende til heimbygda fordi det ikkje er arbeid til dei. Vi meiner at Skjåk si historie med utvikling av industri og samarbeid i landbruket har vist at sentraliseringspolitikken med hell kan motarbeidast. Vi har gode fagmiljø her i bygda som kan utviklast lokalt viss det trengs. Bygdalista støttar ikkje å legge ned eller flytte arbeidsplassar ut av Skjåk.

Arbeidskraft og arbeidsplassar Ein av dei mest akutte situasjonane vi står i, er det synkande talet på innbyggjarar i arbeidsfør alder. Det er vanskeleg å rekruttere til enkelte stillingar, men det er og mange som opplever at det ikkje er passande jobbar å søke på. Bygdalista vil derfor arbeide for at Skjåk ikkje berre beheld arbeidskraft og tiltrekk seg ny, men og at det skapast nye og attraktive arbeidsplassar. Vi ser mellom anna på å stimulere til overgang frå deltids- til heiltidsarbeidsplassar, og korleis vi kan støtte sesongbedrifter i å bli heilårsføretak til dømes gjennom ulike samarbeidsløysingar.

Næringsnettverket: Samarbeid for framtida Næringsnettverket har eit forprosjekt som ser på korleis ulike delar av næringslivet i Skjåk kan arbeide saman for langsiktig suksess, t.d. samarbeid innafor sektorar som landbruk, bygg og anlegg eller turisme/reiseliv. Bygdalista trur det ligg eit stort potensiale her og støtter dette initiativet fullt ut. Vi har som mål å vere ein aktiv bidragsytar i nettverket.

Næringsfondet Skjåk kommune sitt næringsfond har allereie gjort mykje for å stimulere til nyetableringar og utvikling av eksisterande bedrifter. Bygdalista vil fortsette å bruke dette fondet som eit verkemiddel for utvikling, men vil også fokusere på å støtte samarbeidsprosjekt og tiltak som kan fremme heiltidsarbeidsplassar.

Fleire næringsprosjekt Vi vil arbeide for fleire lokale næringsprosjekt. Til dømes for utvikling av tilleggsnæring i landbruket eller for å vidareutvikle lokalmatproduksjon. Grunnlaget i Skjåk er godt og mangfaldig. Bygdalista vil støtte Næringsnettverket og nytte kommunale ressursar til oppstart av fleire prosjekt innan industri, bygg og anlegg, landbruk, reiseliv og privat tenesteyting.

Vår plan for arbeid og næring. Vi må finne løysingar på korleis vi kan motivere unge til å ta over garden, fylle ledige stillingar i offentleg sektor og tiltrekke oss kvalifisert arbeidskraft til private bedrifter. Vi må vidareutvikle eksisterande bedrifter og hjelpe til med å skape nye. Bygdalista vil bruke ei heilskapleg tilnærming for å angripe desse spørsmåla.