Av Reidun Øvre Øygard, regionrådsleiar Stiftelsen Norsk Luftambulanse

1 av 3 ringjer ikkje nødtelefonen med ein gong alvorleg skade eller sjukdom rammar. Mange vil først sjekke puls eller leggje personen i stabilt sideleie. Det er vel og bra, men ikkje det første du skal gjere. Ring alltid 113 først.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse gjennomfører Akuttaksjonen fram mot påske, som eit bidrag til den nasjonale dugnaden «Saman reddar vi liv». Målet med aksjonen er å gjere innbyggjarane bevisste på kor viktig det er å varsle rett og i tide. Når flest mogeleg veit kva vi må gjere i ein akutt situasjon, blir det tryggare for oss alle. Hugs at ingen reddar liv åleine. Av og til må du ta det første steget.

Takk til deg som ringjer 113 når det er livsviktig. Takk til deg som støttar Stiftelsen Norsk Luftambulanse sitt arbeid for å finne morgondagen sine løysingar for betre og raskare hjelp når det verkeleg gjeld. Og takk til deg som går på jobb i rednings- og helsetenestene kvar dag for å redde liv. Dere gjer ein forskjell!

Du skal alltid ringe 113 ved:

- Bevisstlausheit

– Sterke brystsmerter

- Store pustevanskar

- Plutseleg problem med å prate, smile eller lyfte

- Alvorleg skade, store blødningar eller voldsomme akutte smerter

Og hugs. Er du i tvil om liv og helse er i fare: Ikkje vent å sjå – ring 113.