av Anna-Marie Ørjasæter

Ikkje rart at salet av G35 går ned, når den ikkje er i butikkane.

Håvard Kleiven skriv i GD 11. november at han har køyrt Gudbrandsdalen opp og ned, fleire gonger, og vore innom mange butikkar, men butikkane hadde ikkje G35 med 164 på. Og han fekk same svaret: «Dei hadde ikkje osten med 164 på, men det er ikkje vi som bestemmer kva varer vi skal ha».

Kven bestemmer at G35 frå Lom og Skjåk ysteri ikkje er å få kjøpt i butikkane i Gudbrandsdalen? Og andre plassar?

Vi er heldige her i Skjåk som har samvirkelag som har osten vår heile tida!

Vi har akkurat kjøpt G35-164 som skal sendast til Oslo. Der har vi høyrt at somme «endevendar» alle «raudsoster» for å finne den rette med 164 på.

Det er ikkje rart at G35 frå Lom og Skjåk fekk gull på den store ostemessa i Trondheim nyleg!

At der er noko som er gale, er sjølvsagt. Tine burde vera interessert i at alle produkt blir selde. Rette instans må rette opp øyeblikkeleg!