«Det er kø på angerens motorvei», skreiv songaren Anne Grete Preus i ei av sine tekster.

Dagens politikarar og deira premissleverandørar risikerer å hamne i den køa. I kjølvatnet av rask omseggripande energikrise kombinert med illevarslande klimaendringar, har panikken til og med nådd heilt opp i fjellbygdene – der faren for raske, lite gjennomtenkte avgjersler basert på sviktande grunnlag nå kastar mørke skuggar over vakre Skogsbygd- og Jettefjellområdet. Sidan Nord-Gudbrandsdalen frå naturens hand er velsigna med store vasskraftressursar; meir enn nok til både privathushald, gardsdrift og industri om ho ikkje vert seld ut av regionen, mistenkjer eg at draum om store eksportinntekter er sjølve pådrivaren.

Når ein så i etterpåklokskapens ljos erkjenner å ha satsa på gamaldagse løysingar, har lobbyistane for pengesterke selskap som oftast greidd å sikre seg garantiar for offentleg støtte og langsiktige konsesjonar. Dermed sit stat og kommune klistra i edderkoppnettet: Eit hav av vindmøller og digre solcelleparkar som i årevis vil levere straum til prisar ingen lenger vil betale; nasjonane har i mellomtida vorte sjølvforsynte med utsleppsfri energi frå kjernekraft og geotermisk energi.

Dette vil skje både innanlands og i landa rundt oss mykje raskare enn vi førestiller oss. Til og med i Tyskland er Angela Merkel-æraen med aversjon mot kjernekraft nå forbi. Litt fram i tid kan vi skyte ei kvit pil etter eksportinntektene både frå vatn- og vindkraftprodusert energi via omstridde straumkablar til utlandet.

Så lenge vi har breane våre, og kuttar ut eksport, vil Noreg kunne dekke store delar av energibehovet med vasskraft. Likevel bør vi byggje ut både kjerne- og geotermisk energiproduksjon. Dette for å sikre oss i tørkeår – men også for å redusere den enorme mengda med høgspentmaster og leiingsnett. Skjemmande og enormt kostbart vedlikehald – men óg utruleg sårbart for terroråtak og bombing som vil lamme livsviktige institusjonar og tettbygde strók. Det same gjeld vindmølle- og solcelleparkar. Dei står lageleg til for hogg i ei verd der avanserte våpentypar ikkje lenger gjer det naudsynt fysisk å nærme seg målet på gamlemåten. Døgnkontinuerleg overvaking har synt seg særs krevjande, sjølv med nokre få straumkablar på havbotnen.

Fjerde generasjon kjernekraft, som nå ligg i startgropa for kommersiell drift, er små, til dels mobile einingar som vert plasserte nær opp til industriområda eller tettbygde område utan nær tilknyting til vasskraft. I eit fjelland som Noreg, vil dei sårbare delane av modulen kunne skjermast for åtak ved å byggje dei inn i fjell - slik vi gjer med store vassturbinar. Plassert nær forbrukar, vil det og verte stutte leiingsnett å ta vare på. Sjølv pent designa bombesikre bunkerar vil skjemme langt mindre enn både solcelle- og vindmølleparkar. Rikeleg med kjølevatn er det heller ikkje manko på i Noreg.

Samanlikna med annan energiproduksjon gjev kjernekraft liten belastning på naturressursar og areal. Kjernekraft kjem godt ut når det gjeld pris, atomtryggleik, avfallshandtering og spreiingsfare. Sjølv solceller produserer 300 gonger meir giftig avfall enn kjernekraft sett i forhold til mengde produsert straum.

Med ei levetid på om lag 20 -30 år, skal det verte krevjande både å destruere og gjenvinne desse enorme haugane av vindmølle- og solcelleskrot. Få veit óg at ein av verdas mest klimaskadelege industrigassar, svovelheksafluorid (SF 6) vert brukt som isolasjon i vindturbinane. I eit 100-års perspektiv har gassen eit oppvarmingspotensial 22.000 - 23.000 gonger sterkare enn CO 2 og ei levetid på 3.200 år. Skremmande, når ein veit at lekkasjar og skader ofte skjer.

Geotermisk energi har hittil berre vore lønsam grunnlastkjelde i land som Island og New Zealand med varme kjelder. Microbølgeteknikk der  ein gyrotron «brenn» stein til oske, som så vert fjerna frå boreholet med gass, er framtida. Slik når ein temperaturar på 4-500 grader, som gjev glovarm damp til turbindrift. Borar ein tett inntil  turbindrevne verk, kan ein nytte store  delar av allereie ferdig installasjon.

Forsking, utprøving og utstyrsproduksjon til dei to her nemnde grunnlastkjeldene for grøn energi er ikkje noko vi her på berget kan drive med på «heimlaga vis». Men Noreg har eit av verdas største pengebingar: Statens pensjonsfond utland. Det beste vi kan gjera, er å investere tungt internasjonalt i dei foretaka som arbeider med dette.

Det hastar. For akkurat som mangel på vatn, er også mangel på energi kjelde til krig. Og krig rammar oss alle.

Ingeborg Åstrali