No er det berre ei lita veke til årets val er over. Innspurten på valkampen er her og alle parti frir til veljarane. Eit kommunestyreval er viktig. Det er kommunepolitikarane som bestemmer korleis legeordninga skal være hjå deg, korleis areala i kommunen skal brukast, kor mykje SFO skal koste eller om grauten på helseheimen skal koste over 40 kroner. Alle desse avgjerslene, og enda fleire som politikarane gjer, påverkar deg i det daglege liv.

I vesle Lom er det 79 personar som har sagt seg viljuge til å bruke av fritida si dei neste åra. Alle desse har nok reflektert over kva det vil seia å vera folkevald. Alle går inn i arbeidet vel vitande om at dei ofte får meir ris enn ros. Likevel stiller over 4% dei som kan her i Lom seg til disposisjon. Kvifor det?

Spør du ein listekandidat så får du ofte det same svaret, uavhengig av parti. Dei ynskjer alle det beste for bygda si. Dei ynskjer blant anna at ungane på skulen skal ha det best mogleg eller at dei som er på andre sida av livet skal få så god og trygg ein omsorg som mogleg. Ingen fortener å bli trakka ned eller harselert med fordi dei har ein indre glød og vil bruke av fritida si til det beste for samfunnet. Folkeskikk er like viktig både på nett og i fysiske møter.

Røysteretten er både ein rett, og ei plikt. Ein rett til å være med og bestemme over samfunnet rundt deg, og ein plikt om å ta eit ansvarleg val. Det er ved å gå til valurna at akkurat du får påverke samansetninga i dei folkevalde organa i kommunen din. Det er ved valurna at du har størst innflytelse over retninga lokalsamfunnet ditt skal ta. Er du ikkje helt tilfreds med eit listeforslag så går det an å påverke det også. Anten ved å sette kryss ved kandidatar du har trua på, å «slenge» på nokon frå ei anna liste eller ein kombinasjon av desse to.

Hugs å bruk røysteretten din! Enten i veka som kjem eller på valdagen.