av Jostein Visdal og Rikard Odnes, Vågå Senterparti

På førre kommunestyremøte i Vågå kom ungdomsrådet og presenterte ein idé om å bygge kantine og aula for skulane i Vågå. Dei hadde gjort eit grundig arbeid og hadde mange gode argument, og fekk ros frå ordførar og applaus frå kommunestyret. Men ungdomsrådet bad ikkje om applaus, dei bad om å bli teke på alvor. Vågå Sp er både imponerte over ungdomsrådet sitt arbeid og begeistra for ideen. Og vi meiner difor dei fortener eit svar på kvifor politikarane ikkje allereie har sett i gang arbeidet, når alle er einige om at ideen er god.

For drygt 10 år sidan skulle Vågåmo skule renoverast, og eit av framlegga var å bygge saman barne- og ungdomsskule til ein 1-10 skule med fellesareal som aula og kantine i midten. Politikarane var positive, men framlegget møtte motstand frå skulen og det blei forkasta. BL hadde ved førre val  1-10 skule på programmet. Sjølv om dei har hatt ordførar i 4 år, har dei ikkje drøfta saka meir etter valet. Ap har vore på møte med ungdomsrådet før dei besøkte kommunestyret, og har alt tatt det inn i sitt valprogram til hausten. SV har vore for skulemat lenge, og til det treng ein kantine. Og som sagt, Vågå SP har lenge meint det er ein god idé å byggje saman skulane i sentrum med fellesareal i midten.

Likevel har ingen ting skjedd, og det vil truleg ikkje skje dei alle første åra heller. Og grunnen til det er rekkefølge på prioriteringane. Det er ikkje berre eit spørsmål om å ville gjennomføre prosjekt, men om å få det til med dei rammene vi har.

Vågå kommune har stadig store byggeprosjekt på gang. I alle hovudsak blir dei prosjekta finansiert av lån. Fordi det finst ei grense på kor mykje ei kommune kan ha i gjeld, er det ei grense for kor mykje ein kan bygge på stutt tid. Då barneskulen stod ferdig i 2013 tok det ikkje lang tid før ein tok fatt på Vågå helsesenter. Da det stod ferdig, var det Vågåheimen som stod for tur, og da symjehallen vart stengt, måtte den også prioriterast. No har vi flaumførebygginga i Finna mm. som det neste kostbare prosjektet. Når dette er ferdig, er det politisk semje om at kommunen treng fleire bustader, og eit nytt stort prosjekt i Grindstugulego er under planlegging. Først etter det, vil det vera aktuelt med nye prosjekt.

Etter at desse prosjekta er landa meiner vi at det er på tide å sjå heilskapleg på bygningsmassen på skulane våre, både barneskulen og ungdomsskulen. Her vil ein kunne planleggje ei eventuell sambygging av skulane samstundes som ein prioriterer renovering av ungdomsskulen.

Så vårt svar til ungdomsrådet er eit klart og tydeleg ja til idéen. Vi trur også at det kjem, det er stor politisk semje om det. Vi trur likevel ikkje det er rom for det med tanke på økonomi og låneopptak dei næraste åra. Skulle det derimot syne seg at det er mogleg å realisere ei kantine i den eksisterande bygningsmassen, er vi sjølvsagt positive til det!

Vi takkar Vågå ungdomsråd for engasjementet. Vi vil gje ideen dei har ein sjanse, men vi vil også vera ærlege på at det kan ta nokre år å få det til.