Av Utvalg for profesjon og politikk i FO Innlandet, ved Kenneth Jørgensen, Kai Smeby og Anne Karin Nordli

Takk til deg som er vernepleiar, som gjev fleire eit godt liv.

Takk for at de brukar den unike kompetansen dykkar til å stå opp for tryggleiken til andre. De som står i velferdsstatens fyrstelinje og hjelp dei som treng det aller mest. De er uvurderlege. Det er på tide å få fram det viktige bidraget dykkar til samfunnet.

De jobbar i Ottadalen sine tenester til personar med utviklingshemming, i skule/barnehage, i helsevesenet, i rusomsorga og i andre sosiale tenester. Jobben dykkar er ikkje berre viktig for alle de bistår i løpet av arbeidsdagen, men for heile lokalsamfunnet. De arbeider tett med enkeltpersonar og heile samfunnet, for å skape gode liv og sikre tryggleik for alle.

Vernepleiarane har ei tverrfagleg kompetanse, som både sosialarbeidar og autorisert helsepersonell. Det gjer dykk i stand til å sjå helseutfordringar og sosiale problem i samanheng. De ser moglegheiter i kvar enkelt, ikkje problem, og bidreg dermed til å inkludere fleire. Enten det er snakk om skolegang, arbeidsliv, heimebaserte tenester eller andre arenaer. Det har ein eigenverdi, og skaper enorme verdiar for innbyggjarane.

Nå veit vi at fleire opplev sosiale problem som auka fattigdom og utanforskap, at fleire får psykiske vanskar samtidig som fleire behandlingsplasser vert bygd ned, og at personar med nedsatt funksjonsevne ikkje får delteke i samfunnet på lik line med andre. Difor er vernepleiarane si særlege kompetanse viktigare nå enn på lenge. Likevel utdannar vi for få av dykk, og fleire kommunar slit med å rekruttere nok kvalifiserte tilsette i sine tjenester.

FO er fagforeininga for vernepleiarar, og organiserar sosialarbeidarar over heile landet. For få år sidan avdekte vi at det mangla over 20 000 vernepleiarar i Norge. Sidan har det skjedd lite politisk for å tette vernepleiermangelen. Det er alvorleg, når vi veit kva samfunnsutfordringar de bidreg til å løyse. Difor vil eg bruke høvet, og Sosialarbeidarveka til å takke alle vernepleiarane for den viktige jobben de gjer.

Takk for at de alltid står opp for andre. Takk for at de aldri gjev opp, og sørger for at samfunnet vårt blir litt meir inkluderande for kvar dag som går. Takk for at de brukar vernepleiarfaget til å lyfte kvaliteten i velferdstenestene våre.

Hugs at vi er her for å stå opp for dykk, på samme måte som de står opp for andre.