av Hanne Elisabet Bakken

Den dagen eg får gebiss, må eg slutte køyre bil. I hvert fall heilt heimatt, for eg bur i Kollagrenda. Ei enkel og for mange gudsforlatt grend 7 km aust for Lom sentrum.

Det hendar seg at vi er burtgløymt med både post og renovasjon, men det gjer ikkje noko. Det som kanskje er hakket verre er at vi er ei attgløyme når det gjeld vegen og. Ein går liksom 100 år attende i tid og ventar hest og kjerre bak neste sving.

Men veg og vegvedlikehald skal vi helst ikkje meine noko om, og det gjer vi ikkje heller. Vi humpar rundt på ei tæla nypløye, like tilfredse.  Måten vi fintar og triksar oss forbi eitt hål for så å treffe 3 nye er berre eit stort kunststykke. Det heile blir sjølvsagt ekstra spennande om ein er i besitting av gebiss eller godt gamaldags vomrev på tur heim frå arbeid. Ein kombinasjon av dette byr på kvardagsunderhaldning til forskrekka granner. Laustenn, hjulkapslar og elles ymse bildelar som flaksar i blårøyken.

Det er ikkje betre på sykkel heller. Det gjekk 14 dagar før eg fekk krafsa fram att siste rest av sykkelsetet frå der sola aldri skin før nye 14 dagar på ein Spenol-kur. Når eg tenkjer meg om så skulle det sikkert vore kommunalt tilskot på den Spenol-kuren.

Frå hausten har vi heile 6 skuleungar i den vesle grenda. Og ungane sy Køyllåm er ihverfall ikkje beinskjøre. Skuleskyssen er ei trufast teneste og klorar seg fast etter ein, heldigvis, flat veg så ungane våre kjem seg til og frå skulen på forsvarleg vis. Dei som ikkje er i besitting av is-øks haugg tak med framtenner eller tåneglar så dei held seg på føtene til skyssen kjem om morgon. Eg ofra plantejorda frå siste graniumen min så drosja fekk snudd ein morgon etter jul.

Om Lom kommune ikkje tenkjer å halde veg til oss som treng han kvar dag så kan dykk ihvertfall for folkepraten vurdere litt vedlikehald for dei som kjem og plukkar seg tyting om hausten, turistane som tjuvfiskar, tjuvskit og campar gratis på sommaren og ikkje minst for storinnrykket av juletretjuvar i desember. Det hadde vore mon ti! Så kan vi fastbuaende bli sponsa med hjelm og nyrebelte.

Vi blir no verande åkkesom. God vårløysing!