– Draumen er å opne til julehandelen neste år

Coop Ottadalen og Smedsmo Utvikling meiner etableringa av eit 2.500-3.000 kvadratmeter stort næringsbygg på Smedsmo-jordet vil gjeva ringverkingar for resten av sentrum i Vågå.

Blir det julehandel her neste år? Dagleg leiar Rune Fossmo i Coop Ottadalen, Johannes Smedsmo i Smedsmo Utvikling, og styreleiar Egil Barhaugen i Coop Ottadalen, er klare for å utvikle sentrum i Vågå med eit næringsbygg på mellom 2.500 og 3.000 kvadratmeter. Bygget blir på jordet mellom Vågå kulturhus og garden på Smedsmo, og skal mellom anna innehalde ein Coop Extra-butikk.  Foto: Tom Erik Solstad

Abonnent

Tidlegare denne veka vart det kjent at Coop Ottadalen og familien Smedsmo satsar stort i Vågå. Partane har signert ei avtale om kjøp av næringstomta som ligg mellom Vågå kulturhus og garden på Smedsmo.