Planlegg ombygging til 3,5 millionar

Det blir planlagt ny skjerma avdeling på Lom helseheim – og ny sansehage.

Ombygging: – Vi ser på prosjektet som ei framtidsretta løysing, heiter det i saksutgreiinga som tysdag blir lagt fram til behandling i kommunestyret.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Abonnent

I samband med budsjettprosessen hausten 2018, vart det vedteke å kutte ei nattevakt på skjerma avdeling for å få budsjettet i balanse. Føresetnaden for å få gjennomført dette, var at delar av byggeplanane – ombygging og tilbygg på Lom helseheim – vart framskunda.