Val 2019:

Stig Erlend Banken i Skjåk Ap: – Vi har ingenting å vera skamfulle over

Det vart ein nedgang i resultatet for Skjåk Ap. Listetopp Stig Erlend Banken vedgår at han er skuffa over resultatet, men er likevel nøgd med innsatsen partiet har lagt ned i samband med kommunevalet.

– Vi har ingenting å vera skamfulle over! Stig Erlend Banken i Skjåk Ap er nøgd med innsatsen partiet har lagt ned i amband med kommunevalet, sjølv om han vedgår at han er skuffa over valresultatet.  Foto: Tom Erik Solstad

Abonnent

– Eg føler vi har gjort ein bra valkamp. Den kunne ikkje vore betre. Gjennom valkampen har vi fått fram synspunkta våre, partiprogrammet vårt, og synt fram kva vi ville ha gjort om vi fekk styre neste periode. Vi står 100 prosent for det vi har gjort, og har ikkje lova bort meir enn vi kunne ha halde om vi fekk styre. Vi har ingenting å vera skamfulle over, seier Stig Erlend Banken.