Dei meiner noko må gjerast ved Geidde: – Før eller seinare vil det gå gale her

Politikarar og lokalbefolkning er uroa over Geidde på fylkesveg 55. Torsdag var komitéleiaren for samferdsel og trafikktryggleik i Oppland i Bøverdalen for å sjå Geidde-problematikken med sine eigne auge.
Abonnent

– Fylkesveg 55 er ein nasjonal turistveg og er svært trafikkert. Mellom april og oktober er det svært mange turistar som ferdast forbi Geidde med alt frå sykkel til store bussar. Dette er også hovudfartsåra frå Sogn til Austlandet sommartid, både for person- og godstrafikk. Ned til elva er det 15-20 meter rett ned, sukkar Bjørn Ola Aukrust, som er leiar i Lom Arbeiderparti.