Kven fortener Bygger'n si jubileumsgåve?

Dei tre Bygger'n-butikkane i Ottadalen markerer 150-årsjubileumet til eigaren sin med å dele ut kvar sin gåvesjekk på 5.000 kroner til eit lokalt lag eller ei foreining denne veka.

Skal dele ut pengar: Alle dei tre Bygger'n-butikkane i Ottadalen skal denne veka dele ut ein gåvesjekk på 5.000 kroner kvar til eit lokalt lag eller ei foreining. Dagleg leiar på Bygger'n Skjåk, Morten Tundrali, oppmodar til å søkje.   Foto: Tom Erik Solstad

Abonnent

Dagleg leiar på Bygger'n i Skjåk, Morten Tundrali, fortel at det er i samband med at verksemda E.A. Smith fyller 150 år, at alle Bygger'n-butikkane deler ut kvar sin gåvesjekk.