«Haugtussa» opna Diktardagar

Skodespelar Ane Dahl Torp og trompetist Sjur Miljeteig si moderne tolking av diktverket «Haugtussa» vart godt motteke av publikum, og var ei verdig opning av årets Diktardagar.

«Haugtussa» Ane Dahl Torp tolka «Haugtussa» av Arne Garborg frå 1895.  Foto: Tom Erik Solstad

Kjærleik og lengt «Haugtussa» med Ane Dahl Torp.  Foto: Tom Erik Solstad

Godt motteke Ane Dahl Torp vart godt motteke av dei mange publikumarane.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Diktardagar er eit samarbeidsprosjekt mellom Knut Hamsun-laget i Lom, Tor Jonssonlaget og Stiftinga Solrenning, Skjåk Historielag og Mållaget Ivar Kleiven i Vågå, og går føre seg i helga med ulike arrangement spreidd rundt i alle dei tre ottadalskommunane.

Fredag kveld vart litteraturfestivalen i Skjåk, Lom og Vågå opna med lyrikk- og musikkprogrammet «Haugtussa» i Vågå kulturhus. Her tolka skodespelar Ane Dahl Torp og komponist og trompetist Sjur Miljeteig forfattaren Arne Garborg sitt diktverk frå 1895. Dei mange publikumarane i kulturhuset vart vitne til eit intenst og lyrisk forteljarteater om kjærleik og lengt.

Seinare fredag kveld var det diktardagarmiddag med kunstnarlege innslag på Fossheim i Lom, før den fyrste diktardagen vart avslutta med allsong-stund i Lomskyrkja under tittelen «Den nynorske salmeskatten».

Diktardagar held fram i Ottadalen laurdag og sundag, med seminar med forfattarar og lyrikarar, litterære lunsjar, Tor Jonsson-foredrag, festkveld med ulike aktørar og utdeling av Diktardagarprisen, bokbad, pubkveld, vandring på Diktarstigen, seterkonsert på Billingen med «Sol i skuggeskog», diktardagarutstilling med kunstnar Runaug Venås, og forfattarsamtale med Ruth Lillegraven.