Besseggen - ikkje for alle

Politi og redningsmannskap er oppgjevne over at folk som er slitne nesten krev å bli berga ned frå Besseggen.

Tøff tur 40.000 turistar går over Besseggen kvart år. Ikkje alle burde gått der.   Foto: ARVE DANIELSEN

Stopp – Vi ser mange som ikkje burde gå Besseggen, seier Harald Rune Øvstedal på Gjendebåten.  Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

Turen over Besseggen blir gått av over 40.000 turistar kvart år. Ikkje alle er like godt førebudd på turen. Onsdag kveld vart ein kald og sliten mann «berga» av to damer utstyrt for fjelltur.

– Besseggen er ein tung tur for dei som ikkje er trena. Det er flott at folk er ute i naturen og fjellet, men det kan ikkje vere slik at redningstenesta skal måtte trø til når folk er slitne. Dette er misbruk av friviljuge ressursar og ei svekking av den generelle beredskapen når Luftambulansen skal hente slitne fjellfolk. Fjellet kan vere tøft for mange, men har ein fyrst byrja å gå turen, da er det ikkje mykje anna å gjere enn å gå, seier Jørgen Berg, leiar av operasjonssentralen ved Gudbrandsdal politidistrikt.

For hjelpekorpset i Vågå som har Besseggen som sitt område, er slitne turistar ein gjengangar av redningsoppdraga.

– Frå hjelpekorpset sin ståstad skal terskelen for å få hjelp, vere låg, seier leiar Tom Helge Hølmo. Han fortel at mange av dei som har bede om hjelp, vel å gå vidare etter ein kvil når dei får vite at det vil ta 3-4 timar før hjelpen er der.

– Det er ikkje farleg å påstå at mange er i for dårleg form når dei legg ut på Bessegg-turen, seier Hølmo. Ein kvil og ein matbit gjer ofte underverk, legg hjelpekorpsleiaren til.

Hølmo trur at betre informasjon om kva som ventar turistane over Besseggen, kan få ned talet på aksjonar. Hjelpekorpsleiaren får støtte frå Harald Rune Øvstedal på Gjendebåten om dette.

– Kva med skilt undervegs for å fortelje kor langt ein har gått og kor langt det er att av turen? spør Øvstedal. Han ynskjer meir informasjon på alle språk ved Gjendesheim og Memurubu om turen over Besseggen.

– Vi ser mange som ikkje burde gå Besseggen. Det er for lettvint å ringe 113 eller politiet når ein har vorte sliten, seier Øvstedal. Ofte ser skipperen på Gjendebåten og hans mannskap turistar med sko og klede som det ikkje er forsvarleg å leggje ut på fjelltur med.

– Det er sikkert godt å gå i skjørt når veret er bra, seier Øvstedal. Han understrekar at 99 prosent av dei som legg i veg, er bra utstyrt.

Klar Hjelpekorpsleiar Tom Helge Hølmo har varme ullklede i sekken, pakka og klar for bergingsaksjon på Besseggen.   Foto: ARVE DANIELSEN