Fann dynamitt på hytta

Å tømme utedassen var det mest spennande ein hytteeigar i Sjodalen gjorde i ferien, - heilt til han fann ei kasse med dynamitt.

Sperra Politiet har sperra området rundt hytta der det er funne dynamitt.  Foto: Privat

Dynamitt Det var cirka to kilo dynamitt i kassa, og dynamitten bar preg av å vere gamal.  Foto: Privat

Nyheiter

Ein hytteeigar i Sjodalen skulle rydde uthuset på hytta han hadde kjøpt.

– Vi fann ei trekasse med lås, drog den ut og slo opp låsen, fortel hytteeigaren. Stor var overraskinga da han fann dynamitt og fenghetter i kassa. Dynamitten stod att etter den førre eigaren.

Politiet vart kontakta og det vart ein brå slutt på ferien for familien. Politiet sette opp sperreband og forbod mot å vere på hytta. Dermed måtte familien finne ein annan stad å bu den siste natta.

Hytteeigaren fortel at dei fekk beskjed av politiet om at dynamitten kan gå av ved handtering.

– Og så vi som bar kassa ut på tunet. Vi trudde det mest spennande vi kunne gjere i ferien var å tømme utedassen, seier hytteeigaren. Det var cirka to kilo dynamitt som var i kassa, og dynamitten bar preg av å vere gamal.

Nye reglar gjer at folk må betale for å bli kvitt dynamitten. Politiet vil finne ein entreprenør som er godkjent til å ta seg av slikt. Hytteeigaren fryktar at rekninga vil koma oppunder 10.000 kroner.

– Dei nye reglane oppfordrar ikkje akkurat folk til å seie frå om funn, seier hytteeigaren.

Inntil dynamitten blir fjerna, er området sperra av politiet for ferdsel.

Fjuken kjenner identiteten til hytteeigaren, men i samråd med denne og politiet har vi valt å anonymisere denne for å unngå at staden kan bli spora opp.