To smitta i Vågå

Vågå kommune opplyser fredag ettermiddag at dei er kjent med at det per i dag er to koronasmitta i kommunen.
Nyheiter

– Smittesituasjonen tilseier at skule og barnehagar i Vågå kan justere drifta til grønt nivå frå måndag. Tiltaksnivået blir løpande vurdert. Utdanningsdirektoratet har oppsummert det FHI no veit om smitte og smitterisiko i barnehage og skule. Den viser at barnehagar og skular er trygge stader å vere, også når smittetala er høge, melder Vågå kommune fredag ettermiddag, og opplyser at dei er kjent med at det per i dag er to koronasmitta personar i Vågå.

Kommunen kan elles opplyse at 190 personar møtte opp til vaksinering i Vågåhallen torsdag denne veka. Dette var færre enn dei hadde håpa på.

– Vågå kommune treng at mange møter opp på siste massevaksinering 28. januar, skriv kommunen.