Stengde fjellovegangar - ny vurdering i løpet av dagen

E6 Dovrefjell og rv 15 Strynefjellet er stengde. Statens vegvesen skal vurdere opning i løpet av fredag.
Nyheiter

Det er kraftig snøfokk i fjellet på grunn av snøbyger og sterk vind frå nordvest.

Opning av E6 Dovrefjell skal vurderast klokka 12.00.

Riksveg 15 - fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn skal vurderast klokka 15.00. Her er det rasfare som er grunn til at vegen er stengt.