Gjev tilbod om vaksinering av barn mellom 5 og 11 år

Foreldre og føresette som ynskjer det, får tilbod om å vaksinere sine barn som er mellom 5 og 11 år. Vaksinering er frivillig, og det blir ikkje gjeve generell tilråding om å vaksinere alle barn i denne aldersgruppa.

Vaksinering av barn: Foreldre og føresette som ynskjer det, får tilbod om å vaksinere sine barn som er mellom 5 og 11 år.  Foto: ILLUSTRASJON/MOSTPHOTOS

Nyheiter

Det kjem fram i ei pressemelding frå regjeringa fredag.

– Barn blir svært sjeldan alvorleg sjuke, og det er førebels avgrensa kunnskap om sjeldne bivierknader eller biverknader som kan koma etter lang tid. Den individuelle nytten for dei fleste barna er liten, og Folkehelseinstituttet har ikke ei tilråding om at alle barn mellom 5 og 11 år skal vaksinerast. Dei opnar derimot for at alle foreldre og føresette får tilbod om vaksine til barna sine, men det vil vera spesielt aktuelt for nokre få grupper, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Det kan vera særleg aktuelt for barn med kroniske sjukdomar, for familiar der barn har nær kontakt med personar med særlege behov for vern og for barn som har auka risiko fordi dei skal opphalde seg i land med meir smitte eller dårlegare tilgang til helsetenester. Det vil også vera aktuelt for barn som av andre grunnar lever i ein særleg utsett situasjon.

– Vi følgjer Folkehelseinstituttets tilråding, og det vil vera eit tilbod om gratis vaksinasjon til barn der foreldre og føresette ynskjer det, sier Kjerkol.

Unge mellom 12 og 15 år

FHI tilrår at ungdomar i aldersgruppa 12-15 år kan få tilbod om dose to. Det er likevel ikkje ei generell tilråding om å ta vaksine, sidan den største nytten allereie ligg føre med fyrste dose, og dose to kan gjeva noko auka risiko for hjartemuskelbetennelse.

Per i dag er det også avgrensa kunnskap om andre sjeldne biverknader. Det vil likevel vera eit tilbod til dei som ynskjer det.

– Regjeringa følgjer Folkehelseinstituttets tilråding når det kjem til vaksinering av barn og unge. Dette er eit frivillig tilbod, og foreldre må sjølve avgjera om dei ynskjer å vaksinere barnet sitt. Vi støttar også FHI i at kommunane bør vera forsiktige med å leggje opp til vaksinasjon på skalane, fordi tilbodet da kan oppfattast som ei sterk oppmoding frå styresmaktene om å ta vaksinen, og dermed opplevast mindre frivillig, seier helse- og omsorgsministeren.

FHI si vurdering og tilråding

Barn og unge har svært låg risiko for å bli alvorleg sjuke av koronasjukdom. Infeksjon fører sjeldan til sjuekhusinnlegging blant barn, og innleggingstida har i snitt vore eitt døgn. FHI har grunn til å tru at vaksinens effekt mot symptomatisk sjukdom med omikronvarianten er vesentleg redusert samanlikna med tidlegare virusvariantar, men at effekt mot alvorleg sjukdom er bevara. Det er avgrensa kunnskap om biverknader for aldersgruppa 5-11 år, og dette talar for varsemd ved vaksinasjon.

FHI vil difor ikkje gjeva ei generell tilråding om å vaksinere alle barn, men meiner at både fyrste og andre dose til barn og unge vil kunne redusere risiko for sjukdom.