Fjellovergangen opna for trafikk att

Etter å ha vore stengt sidan tidleg onsdag morgon, vart fjellovergangen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn opna att for trafikk fredag ettermiddag.

  Foto: Webkamera/Statens vegvesen

Nyheiter

Det var rett etter klokka 15 fredag ettermiddag at fjellovergangen mellom aust og vest vart opna att for trafikk, etter oppryddingsarbeid, i fylgje vegtrafikksentralen i Statens vegvesen.

Da hadde fjellovergangen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn vore stengt sidan tidleg onsdag morgon grunna uvêr og skredfare.