Eitt nytt smittetilfelle i Skjåk denne veka

Denne veka er det registrert éin person med påvist koronasmitte i Skjåk.
Nyheiter

Det opplyser Skjåk kommune fredag føremiddag.

Personen er sett i smitteisolasjon, og alle nærkontaktane til den smitta er varsla. I fylgje kommunen er smittevegen ukjent.

Skjåk kommune opplyser elles at om det ikkje skjer noko ekstraordinært, vil det ikkje koma ny smittestatus frå kommunen før fredag i neste veke.