Regjeringa lettar på smitteverntiltaka - desse reglane gjeld framover

Torsdag kveld kom regjeringa med justeringar i dei nasjonale koronatiltaka. Sjølv om det er forventa høge smittetal i vekene som kjem, meiner regjeringa at ein nå kan lette på ein del av tiltaka, sidan samfunnet tåler betre viruset.

Pressekonferanse: Regjeringa lettar på smitteverntiltaka frå natt til fredag 14. januar.  Foto: Skjermdump/Regjeringen.no

Nyheiter

Regjeringa sine justeringar i dei nasjonale koronatiltaka, som vart lagt fram under ein pressekonferanse torsdag kveld, er basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. Regjeringa vurderer fortløpande tiltaksnivået, men vil gjera ei ny heilskapleg vurdering i starten av februar.

Skjenkestopp klokka 23.00, med alkoholservering ved bordet, ikkje lenger krav til nasjonalt tiltaksnivå på raudt i vidaregåande skule, offentlege arrangement innandørs med faste tilviste plassar aukar til maks 200 personar, og endring i karantenereglane. Det er blant dei justerte nasjonale tiltaka.

Men mange av dei nasjonale tiltaka blir også vidareført, som mellom anna bruk av heimekontor, tilrådinga om å ha maks ti gjestar heime ut over eigen husstand, og påbodet om bruk av munnbind på butikken der ein ikkje kan halde éin meter avstand.

Dette er dei nasjonale tiltaka:

Gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltaka skal vurderast på nytt i starten av februar.

Generelle smittevernråd

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom

Avstand og sosial kontakt

  • Alle blir tilrådd å halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemar og tilsvarande nære
  • Tilrådinga om 1 meters avstand gjeld ikkje for barn i barnehage og på barneskule
  • Tilrådinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeidar med barn, unge og sårbare grupper
  • Alle bør tenkje gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett
  • Tilråding om å redusere talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime ut over eigen husstand
  • Barnehagebarn og barneskuleelevar (eigen kohort) er unnteke frå anbefalinga om avgrensinga
  • Det er tilrådd å ha god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom med personar som ikkje er hustandsmedlemar eller tilsvarande nære
  • Tilråding om å treffe andre utandørs når det er mogleg
  • Tilråding om å unngå handhelsing
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte vaksne bør skjerme seg, herunder vera spesielt forsiktige med, eller unngå store forsamlingar og samlingar på serveringsstader der det erfaringsmessig blir vanskeleg å halde avstand og unødvendige reiser til område med mykje smitte. Denne gruppa bør likevel ikkje isolere seg. Det er viktig med noko sosial kontakt
  • Tilråding om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld også for tilsette, med mindre det er teke i bruk fysiske hinder
  • Det er ikkje krav til munnbind medan ein sit ved eit bord på serveringsstad

Organisert idretts- og fritidsaktivitetar

  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg

Barn og unge under 20 år:

  • Utandørs aktivitet kan gjennomførast som normalt
  • Tilrådd gruppestorleik innandørs omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort
  • Aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er naudsynt

Vaksne over 20 år:

  • Innandørs er det tilrådd maks 20 personar og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør det tilretteleggjast for 2 meters avstand
  • Vaksne kan utøva aktivitet utandørs som normalt, med kontakt der det er naudsynt
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt med smitteverntiltak

Barnehagar, skular og SFO

  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO
  • Ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på raudt i vidaregåande skular
  • Fortsatt krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Nasjonal tilråding om gult nivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular der smittesituasjonen lokalt tilseier det, men kommunane må gjera eigne vurderingar etter den lokale situasjonen
  • Nasjonal tilråding om grønt nivå i vidaregåande skular og i vaksenopplæring, men kommunane må gjera eigne vurderingar etter den lokale situasjonen
  • Jamnleg testing i skular og barnehagar skal i større grad nyttast i område med høgt smittetrykk
  • Kommunane blir bede om å følgje utviklinga i smittesituasjonen og justere tiltaksnivået i tråd med utviklinga. Barnehagar og skular må ha beredskap for rask overgang til strengare tiltaksnivå

Høgare utdanning

  • Fortsatt krav om smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Høgskular, universitet og fagskular er tilrådd å tilretteleggje for meir fysisk undervisning
  • Atterhald om at generelle smittevernråd følgjast: lufting, avstand og vera heime ved symptom
  • Forutsett at det er tilstrekkeleg tilgang til testar, er det tilrådd å leggje til rette for jamnleg testing av studentar. Testar bør utdelast til studentar og det bør vera enkel tilgang til testar på campus.
  • Mindre grupper/oppgåveløysing/seminar i klasserom bør avgrensast til maks 30 personar med 1 meters avstand. Avstandstilrådinga kan fråvikast der det er naudsynt for gjennomføringa av undervisninga.
  • For undervisning i større auditorium gjeld antalsavgrensninga for offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar, og krava i smittevernfagleg forsvarleg drift.

Arbeidsliv

  • Påbod om at arbeidsgjevarar sørgjer for at tilsette jobbar heimefrå dersom dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og naudsynt verksemd på arbeidsplassen, mellom anna verksemd for å ivareta barn og sårbare grupper.
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre naudsynte og lovpålagte oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge
  • Tilråding om 1 meters avstand
  • Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske hinder som bruk av skiljeveggar eller liknande
  • Påbod om å bruke munnbind gjeld i nokre publikumsretta delar av arbeidslivet.
  • Det er tilrådd å ha god ventilasjon/lufting i situasjoner der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er hustandsmedlemar og tilsvarande nære

Arrangement og samankomstar

  • Det stillast krav til smittevern, avstand og munnbind
  • Avgrens sosiale samankomstar og arrangement du deltek på
  • Private arrangement/samankomstar på offentleg stad, leigde/lånte lokalar:
    Innandørs: Maks 30 personar, maks 50 personar ved minnestund
    Utandørs: Maks 50 personar
    Munnbindpåbod for publikum innandørs
  • Offentlege arrangement innandørs:
    Utan faste tilviste plassar: Maks 30 personar
    Med faste tilviste plassar: Maks 200 personar
    Munnbindpåbod for publikum
  • Ingen tilråding om å utsetja eller avlyse arrangement innandørs knytt til organiserte fritidsaktivitetar som samlar barn og unge under 20 år frå ulike stader
  • For lagidrettar er det tilrådd kun enkeltvise kampar, og ikkje turneringar, cupar og liknande. For individuelle idrettar er det tilrådd å avgrense gruppestorleiken på konkurransane
  • Utøvarane og eventuelt støttepersonell ved innandørs offentlege kultur- eller idrettsarrangement der barn og unge under 20 år utøvar aktiviteten, reknast ikkje med i det totale talet på personar som kan vera til stades på arrangementet
  • Det er unntak frå avstandskravet for utøvarane på innandørs kultur- og idrettsarrangement
  • Utandørs arrangement knytt til organisert kultur-, idrett- og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20, kan skje utan antalsavgrensning for deltakarane og med et naudsynt tal på vaksne. Dersom det er fleire enn 100 personar til stades, skal det ikkje tilretteleggjast for publikumsområde eller bruk av innandørs fasilitetar med unntak av toalettfasilitetar

Kollektivtransport

  • Tilråding om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel
  • Krav om munnbind dersom ein ikkje kan halde 1 meters avstand
  • I taxi er det påbod om bruk av munnbind for både passasjer og sjåfør

Serveringsstader

  • Skjenkestopp frå klokka 23.00 på stader med skjenkeløyving, og ein må seinast klokka 23.30 slutte å drikke alkohol på skjenkestaden
  • Skjenking skal skje ved borda
  • Serveringsstaden skal sørgje for at alle kan halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemar og tilsvarande nære
  • Krav om munnbind der det ikkje er mogleg å halde meteren, bortsett frå når ein sit ved bordet
  • Plikt til å registrere gjestar som samtykkar til det

Karantene og testing

  • Nærkontaktar som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær den smitta skal i smittekarantene i 10 døgn etter siste nærkontakt
  • Desse skal så snart som mogleg teste seg med sjølvtest, eller hurtigtest gjennomført av helsepersonell, eller PCR-test. Ved negativt testresultat frå slik test teke tidlegast 7 døgn etter nærkontakten kan karante avsluttast
  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader
  • Karanteneplikta gjeld ikkje personar som fekk oppfriskingsdose minst 1 veke før nærkontakten, og som testar seg dagleg med sjølvtest, hurtigtest gjennomført av helsepersonell eller annakvar dag med PCR-test i 7 døgn etter nærkontakten
  • I tillegg gjeld enkelte særskilde unntak for mellom anna nøkkelpersonell i kritiske samfunnsfunksjonar

    Øvrige nærkontaktar har ikkje karanteneplikt, men er tilrådd å teste seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5). Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar. Ved symptom: Bli heime, og test deg.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Smittevernfagleg forsvarleg drift inneber krav om å sørgje for at det er mogleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting
  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og annan opplærings- og utdanningsverksemd
  • Fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande skal halde stengt
  • Treningssenter, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, bowlinghallar og liknande kan halde ope for maks 20 personar ved innandørs gruppetrening
  • Følgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, bowlinghallar, museum, bingohallar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande
  • Med unntak av bibliotek, museum, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykker til det
  • Bransjerettleiarar bør overhaldast for mellom anna treningssenter og symjehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern

Innreise – ankomst Noreg

  • Alle reisande må i utgangspunktet registrere seg før ankomst til Noreg
  • Alle reisande må i utgangspunktet teste seg ved ankomst Noreg
  • Reisande som ikkje kan dokumentere med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19 siste 6 månader, må i utgangspunktet i tillegg teste seg før avreise til Noreg
  • Reisande som kjem frå eit land med karanteneplikt og som ikkje kan dokumentere med verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 siste 6 månader, må i utgangspunktet i innreisekarantene

Kjelde: Regjeringen.no. Lista er omskrive til nynorsk.