Nå skal biblioteket i Skjåk ha ope 15 timar i døgnet

Skjåk folkebibliotek blir regionens aller fyrste «meiropne» bibliotek - med ope frå tidleg morgon til seint på kveld, 365 dagar i året.

Gler seg: Bibliotekleiar Jenni Anette Morales Hånsnar og bibliotekkonsulent Sigrun Eide gler seg over at Skjåk folkebibliotek nå vil halde ope i 15 timar om dagen, 365 dagar i året. – Det er viktig å få fram at biblioteket framleis vil vera bemanna i den ordinære opningstida, seier dei to.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Vi gler oss til å koma i gang med «meirope bibliotek». Med dette tilbodet opnar vi opp for ei mykje større gruppe i bygda, og vi er rimeleg sikre på at utlånet kjem til å auke ein god del.