Fjellovergangen fortsatt stengt - blir ikkje opna att torsdag

Fjellovergangen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn er stengt på grunn av skredfare, og vil ikkje bli opna att for trafikk før tidlegast fredag.

  Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Nyheiter

Det er vegtrafikksentralen i Statens vegvesen som torsdag ettermiddag opplyser at fjellovergangen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn ikkje vil bli opna att for trafikk i dag, på grunn av fare for skred.

– Ny vurdering i løpet av fredag, melder vegtrafikksentralen.

Fjellovergangen har vore stengt sidan tidleg onsdag morgon.