To personar til legevakt etter utforkøyring

Ein bil har køyrt av vegen ved Røysheim.
Nyheiter

Politiets operasjonssentral kan tysdag morgon opplyse at ein bil med to personar har køyrt av fylkesveg 55 i området ved Røysheim.

– Dei to er køyrt til legevakt med ukjent skadegrad, men det ser ut til å ha gått bra. Det skal ikkje vera spesielt glatt i området, seier operasjonsleiar.